Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) har valt å sjå bort frå faglege råd om å senke tiltaksnivået i vidaregåande skule frå raudt til gult.
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) har valt å sjå bort frå faglege råd om å senke tiltaksnivået i vidaregåande skule frå raudt til gult. FOTO: Torstein Bøe/NTB/NPK

Kjerkol trassar fagleg råd: Held vidaregåande på raudt nivå

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) fører vidare raudt nivå i vidaregåande skule etter jul. Helsedirektoratet og FHI ville ned til gult.

Det nasjonale tiltaksnivået fortset på gult nivå i barnehagar og grunnskular og raudt nivå på vidaregåande skular, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

Avgjerda kjem trass i faglege råd frå både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) om å gå frå raudt til gult nivå òg i vidaregåande skule etter jul.

Den såkalla trafikklysmodellen skil mellom tre tiltaksnivå i skulen: grønt, gult og raudt.

Gult nivå i barnehagar og grunnskule og raudt nivå i vidaregåande betyr framleis nærvær og undervisning, men med krav til få nærkontaktar og avstand for dei eldste elevane.

Raudt nivå i vidaregåande inneber i tillegg ein del digital undervisning.

Faglege åtvaringar

Kjerkol kjem i pressemeldinga ikkje med forklaring på kvifor regjeringa har valt å sjå bort frå dei faglege råda.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) har i innspela sine til regjeringa begge argumenterte for at det ikkje er behov for raudt nivå i vidaregåande no.

«Når det gjelder det nasjonale røde tiltaksnivået i videregående skole, mener vi at dette ikke er nødvendig da det er svært lave smittetall i aldersgruppen 16–19 år», skriv Helsedirektoratet i si vurdering.

Folkehelseinstituttet påpeikar at smitten i vidaregåande har vore vedvarande låg. I tillegg er denne gruppa nyleg vaksinert med annan dose, og det er sannsynleg at dette bidreg til ein smittereduserande effekt, også mot omikron, blir det fastslått.

«Det er derfor ikke grunnlag for rødt tiltaksnivå nasjonalt», konkluderer FHI.

Krav om avvikling

Utdanningsdirektoratet går i sine vurderingar endå lenger og skriv at raudt nivå i vidaregåande skule må avviklast så snart som mogleg.

Utdanningsdirektoratets vurdering er at raudt nivå i vidaregåande ikkje er forholdsmessig slik smittesituasjonen er i dag.

«Rødt nasjonalt nivå i videregående skole kan ikke opprettholdes», skriv direktoratet.

«I videregående skole er en stor andel av elevene er vaksinert, det er lavere smitterisiko, og alderen tilsier at det er mulig å holde avstand.»

Karanteneunntak

I pressemeldinga frå Helse- og omsorgsdepartementet blir det òg opplyst at tilsette i skular og barnehagar frå 1. januar får unntak frå smittekarantene i arbeidstida.

Det betyr at tilsette som har vore i nærkontakt med ein smitta, kan gå på jobb. Vilkåret er at dei testar seg døgn tre og sju etter nærkontakten.

Unntaket gjeld ikkje dersom den tilsette er i same husstand eller tilsvarande nær den som er smitta.

Massetesting før skulestart

Helsestyresmaktene tilrår samtidig massetesting av elevar og tilsette i barnehagar og skular i samband med skulestart etter juleferien.

Dersom det ikkje er tilstrekkeleg testkapasitet, vil område med mykje smitte prioriterast, fastslår Helse- og omsorgsdepartementet. Ein del kommunar, som Oslo, har allereie eit opplegg for testing etter ferien.

FHIs forslag er at alle elevar og tilsette tek ein sjølvtest før skulestart, anten dagen før eller før oppmøte om morgonen same dag.

Etter dette blir det foreslått jamleg testing så snart det er tilgang på testar.