Det kan bli nye kampar om utbygging av vassdrag i Noreg. Her fra kampen mot utbygging av Åbødalsvassdraget i 2000.
Det kan bli nye kampar om utbygging av vassdrag i Noreg. Her fra kampen mot utbygging av Åbødalsvassdraget i 2000. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Miljøorganisasjonar klare til ny kamp om vasskraftutbygging

Det bryggjer opp til ny kamp om utbygging av verna vassdrag etter at både Ap og Høgre har opna for å vurdere saker på nytt. Naturvernforbundet krev at ikkje ein drope av dei verna vassdraga skal bli utbygd.

– Meininga med vern er at det skal stå seg for all framtid, seier generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet til NRK.

Debatten er i gang etter at energipolitiske talsmann Terje Lien Aasland i Arbeidarpartiet i eit intervju med Klassekampen opna for å sjå på om det er mogleg å byggje ut meir av det som har vore verna.

I spørjetimen i Stortinget onsdag bad Raudt klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) om ein garanti for at verna natur må halde fram med å vere verna. Det ville han ikkje gi, og Nikolai Astrup frå Høgre varsla at dei vil støtte å vurdere ei skånsam utbygging av verna vassdrag.

Mobilisering

NRK skriv at Naturvernforbundet no mobiliserer folk over heile landet, både yngre folk og dei som var med under Alta- og Mardøla-aksjonane.

Dei får støtte frå mellom anna Norges Miljøvernforbund, Norske Lakseelver og Norges jeger- og fiskeforbund.

Pål Mugaas, kommunikasjonsansvarleg i Norske Lakseelver, meiner Stortinget no har opna ei dør som blir vanskeleg å stenge.

– Heile tanken med verneplanen for vassdraga var at ein skulle ta vare på heilskapen i vassdraga og spesielle naturtypar. Viss ein opnar for utbygging, byrjar ein å få det same problemet som ein har i mykje av naturforvaltninga i Noreg: At ein tar bit, for bit, for bit, for bit, seier han til NRK.

Skånsam utbygging?

Både Arbeidarpartiet og Høgre presiserer at det ikkje er snakk om nye store kraftutbyggingar. Begge partia snakker om skånsame utbyggingar med nye teknologiske løysingar.

– Det er ikkje snakk om å demme opp verna vassdrag eller leggje elver i røyr. Det er snakk om for eksempel å leie delar av vassføringa til å produsere kraft ein annan stad, eller utnytte vatn fra sideelver. Dette kan gjeras utan at folk merkar mykje til det, for teknologien har utvikla seg veldig, sier Nikolai Astrup til M24.

Men Naturvernforbundet har ikkje særleg tru på lovnadane om skånsam utbygging.

– Nei, det er tull frå ende til annan når dei snakkar om moderne teknologi og skånsam utbygging, seier Maren Esmark til NRK.

<p>(©NPK)</p>