Brage Lien fra Sauda tar mastergrad i akvakultur på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås.
Brage Lien fra Sauda tar mastergrad i akvakultur på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. FOTO: Privat.

Nesten fire av ti studerer etter vidaregåande

37,8 prosent i aldersgruppa 19-24 år er under høgare utdanning. Det same er 16,7 prosent v 125-29-åringane. Men kor studerer dei? Og kva?

Heiar på aquakulturplanane i Sauda

Brage Lien studerer aquakultur ved universitetet på Ås. Han håpar det blir noko av aquakulturplanane i Sauda.

I industrikommunen Sauda er det få som velger å utdanne seg innan aquakultur. 22 år gamle Brage Lien held nå på med mastergrad innan aquakultur ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås.

– På vidaregåande skule var det biologi eg var mest interessert i. Derfor tok eg ein bachelorgrad i biologi på Ås, opplyser 22-åringen.

Da han skulle velge kor han skulle studere ønska han ein studiestad som var litt lenger unna enn Bergen og Stavanger, som mange frå Sauda gjerne velger som sin studieby.

– Etter tre år med biologi er vegen vidare gjerne forskning, naturforvaltning eller bioteknologi. Dette er jobbar som ein gjerne finn i byar, særleg for nyutdanna. Eg har fått med meg at det er planar om aquakultur i Sauda. Derfor valte eg å fortsette med å ta ein mastergrad i aquakultur. Eg starta på mastergraden i haust og har halvanna år igjen før eg er ferdig.

– Så du heiar på aquakulturplanane i Sauda?

– Ja, det gjer eg.

– Korleis forklarer du aquakultur på ein enkel måte når folk spør deg kva du studerer?

– Da seier eg at det har med oppdrett av laks å gjere. I Norge handlar aquakultur i stor grad om oppdrettslaks.

I Sauda er det konkrete planar om å etablere eit stort smoltanlegg på land, som bare etter første byggetrinn vil gi 15-20 arbeidsplassar. I tillegg vurderer det nederlandske selskapet Albatros å starte oppdrett av laks ombord i ein flytande lekter i Saudafjorden.

Sjølv om Brage ville eit stykke unna Sauda etter vidaregåande skule, er han nå svært positiv til å flytte tilbake til Sauda.

– Kvifor det?

– Når du har vore vekke frå Sauda og studert nokre år, får du litt perspektiv på ting. Eg ser kvalitetene til Sauda og viktigheita av det å ha ein heimplass. Ein plass der ein har gamle venner. Eg kunne derfor godt tenke meg å flytte til Sauda igjen. Men får eg ikkje jobb i Sauda er det nok av jobbmulegheiter innan aquakultur. Det er ei vekstnæring.

– Korleis er det å studere på Ås?

– Eg har ikkje noko anna å samanlikne med, men eg trivst godt. Det er over 6000 studentar ved universitetet på Ås. Ås kommune har nær 20 000 innbyggarar, så studentane utgjer ein stor del av dei som held til i kommunen.

Marte Nilsen Høiland ser ikkje mørkt på sju år med studielån. – Eg kunne godt tenke meg å studere lenger, seier 21-åringen frå Sauda. FOTO: Privat.

Skifta studie etter to år

Marte Nilsen Høiland gjekk først to år på byggingeniør-studiet i Bergen. Så skifta ho meining og begynte på ei femårig lektorutdanning på universitetet i Stavanger.

Som 18-åring på Sauda vidaregåande skule var Marte Nilsen Høiland fast bestemt på å bli byggingeniør eller maskiningeniør. Aller helst såg ho for seg ein jobb i oljesektoren.

Ho begynte på byggingeniørstudiet ved Høgskulen Vestlandet i Bergen. Etter to år skifta ho meining og begynte på ei femårig lektorutdanning innan realfag på Universitetet i Stavanger.

– Grunnen til at eg skifta studie er at eg ikkje ser for meg å jobbe på kontor resten av livet. Eg ønsker å jobbe med folk. Derfor utdannar eg meg til lektor og ønsker å undervise i realfag på vidaregåande skule, seier 21-åringen.

– Du ser ikkje mørkt på at du endar opp med sju år med studielån?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg skal jobbe heile livet og vil få betalt ned det studielånet.

– Synest du det blir lenge å ta sju år høgare utdanning?

– Nei, eg kunne godt tenke meg å studere lenger enn sju år. Eg synest det er kjekt å studere. Folk seier at studietida er den beste delen av deira liv. Det er eg einig i. Studielivet er kjekt.

Den største forskjellen på vidaregåande skule og det å gå høgare utdanning, meiner ho er at ein må vere mykje meir sjølvstendig.

– Når det er 200 elevar i klassen må du ta meir ansvar sjølv, men forelesarane hjelper deg når du spør dei.

Ho opplyser at ho trivst godt i både Bergen og Stavanger.

– Eg synest Bergen er ein finare studentby enn Stavanger, men det er jo kva du gjer det til sjølv.

Sjølv om Marte har studert to år i Bergen og nå held på med førsteåret i Stavanger, har ho valt å fortsette som medlem i Sauda Revy & Teaterlag, som ho også var ein del av mens ho var skuleelev i Sauda.

Når ho er ferdig utdanna lektor kunne ho godt tenke seg å flytte til Sauda og begynne å jobbe på Sauda vidaregåande skule.

– Eg trivst godt i Sauda. Det er matematikk og fysikk som er faga mine på lektorutdanninga. Jobbmulegheitene for dei som studerer realfag er gode etter endt utdanning. Det er mangel på lærarar som tar realfag, seier Marte Nilsen Høiland.

Mats van Ruiven studerer idrett og kroppsøving i Sogndal. – Det var i grunn litt tilfeldig at eg hamna her, seier han. FOTO: Privat.

– Eg har alltid vore interessert i idrett

Mats van Ruiven, 21 år frå Sand siktar seg inn på ein mastergrad i idrettsvitenskap. 

Av Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten.

– Eg studerer idrett og kroppsøving ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Det første året gjekk eg på PT (personleg trenar, journ. mrk.), så skifta eg over til idrett og kroppsøving det andre året og fortsette på det nå tredje året.

Korleis hadde det seg at du valde Sogndal og akkurat dette studiet?

– Det var i grunnen litt tilfeldig. Eg gjekk studie-spes i Sauda, og har alltid vore interessert i idrett. Planen var å gå eitt år som personleg trenar, og eg kom inn både i Bodø og i Sogndal. Eg valde Sogndal og søkte meg over til idrett etter det første året.

Kva gjer Sogndal til ein kjekk studiestad?

– Størrelsen på staden er akkurat passe, ein blir fort kjent med andre utanom berre dei ein studerer med, og det er kort veg til det meste. Eg er blitt trenar for jenter-14 i Sogndal fotball, og for eit par veker sidan blei me krinsmeistrar. Slikt er kjekt! I år har eg hatt ekstrajobb i resepsjonen på eit treningssenter. Det er mange moglegheiter innan trening og idrett i Sogndal. Det er lett å knyta kontaktar og å få seg venner, uansett kva interesser ein har.

Er det lett å finna seg plass å bu?

– Eg bur i lag med to andre. Det enklaste er å finna seg hybel eller leilegheit via hybel.no, men der finst godt med studentbustader gjennom studentsamskipnaden også.

Kva skal du gjera når du er ferdig med bacheloren?

– Planen er å reisa til Oslo og fortsetja med ein mastergrad i idrettsvitskap nå når eg først er i gong. Det er ikkje fordi eg ikkje trivst i Sogndal, men det er kjekt med eit byte etter tre år og kjekt å prøva noko nytt. Om eg tar pedagogikk, kan eg bruka utdanninga mi i skulen. Eg kan også bli PT, eller eg kan til dømes få ein jobb innan leiinga i ein idrettsorganisasjon.

Er det noko i det heile som ikkje er perfekt med Sogndal?

– Det må vera at det er litt kronglete å reisa heim til Sand. Tar fort fem seks timar med bil. Det er enkelt å komma seg til Voss med buss, men vidare til Odda og derfrå, korresponderer det ikkje alltid like bra.

– Overgangen fra Sauda vgs til universitetet i Stavanger var ganske stor, synest Åshild Vårvik. FOTO: Privat.

Åshild vil bli lektor

19 år gamle Åshild Vårvik frå Suldalsosen har valt Stavanger som studiestad.

Av Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten.

– Eg gjekk studiespes i Sauda, nå er eg førsteårs-student ved Universitetet i Stavanger. Der har eg starta ei femårig lektor-utdanning. Nordisk blir hovudfaget mitt, og så har eg tenkt å ta historie som fag nummer to.

Kvifor valde du lektorstudiet og ikkje vanleg lærarutdanning?

– Det er det litt ulike grunnar til, men eg har hatt mykje migrene og er redd for at det blir for mykje bråk om eg skal undervisa på barnetrinnet. Dessutan synest eg at eg får meir ut av lektorstudiet, då det gir moglegheita til å fordjupa seg meir i faga.

Korleis har overgangen vore frå Sauda vgs til universitetet?

– Den var faktisk ganske stor, spesielt i starten. Det var lite beskjedar, og eg måtte finna ut mykje på eiga hand. Nå kjennest det mykje friare. Eg kan planleggja dagane meir sjølv enn då eg gjekk på vidaregåande. Sjølv om det har vore korona, har me på mitt studie berre hatt fysiske førelesingar, og det er eg sjølvsagt glad for. Eg synest universitetet er flinke til å tilretteleggja.

Kor har du lyst å jobba?

– Me lærarar har jo blitt veldig ettertrakta etter kvart, så eg kan sikkert velja mellom mykje. Til nå har eg hatt praksis på både ungdomsskule og vidaregåande. Begge delar var kjekt, men veldig ulikt, så klart.

Er Stavanger ein kjekk studentby?

– Fadderveka var kjempekjekk, med mange gode konserter og arrangement. Eg blei kjent med dei eg skulle gå i lag med. Men så har det jo vore korona, og me har vel ikkje fått opplevd studentlivet slik det kan vera når alt er normalt. Eg bur i lag med kjærasten min frå Erfjord. Han hadde plass å bu, så eg slapp å leita etter det. Men det er mange studentbustader her, og eg trur ikkje det er vanskeleg å finna plass å bu. Me reiser heim til Suldal nesten kvar helg. Elles synest eg Stavanger er ein kjekk by, passe stor og lett å komma seg rundt. Eg er glad for at eg enda her.