Journalist og forfattar Trude Lorentzen med kofferten til Vidkun Quisling, som ho kjøpte på ein nettauksjon.
Journalist og forfattar Trude Lorentzen med kofferten til Vidkun Quisling, som ho kjøpte på ein nettauksjon. FOTO: Kagge forlag.

«Quislings koffert» og draumen om ein norsk nazi-koloni i Ukraina

I dag kjempar Ukraina for livet mot russiske invasjonsstyrkar. For 80 år sidan deltok norske frontsoldatar i ein angrepskrig i same området med draumen om ei nordisk-arisk kolonisering i bakhovudet. – Dei klare parallellane har skremt meg, seier forfattar og journalist Trude Lorentzen.

Trude Lorentzen har gått i fotspora til Vidkun Quisling i podkastserien «Quislings koffert», som no også har blitt bok. Alt starta då ho for sju år sidan heilt tilfeldig fann ut at kofferten til Vidkun Quisling var til sals på ein nettauksjon. Ho gjekk inn i bodrunden, og fekk tilslaget.

Quisling nytta denne kofferten på dei mange reisene sine, både før og under verdskrigen, og Lorentzen tek lyttarane og lesarane med på mange av dei. Mellom anna på reiser til Ukraina.

– Same retorikken

– Håra har reist seg på armane mine i skriveprosessen. Då eg starta arbeidet hadde eg ikkje venta at hendingane i Ukraina den gongen skulle bli så relevante for å forstå notida. Vi opplever ein angrepskrig i same området, der angriparen brukar mykje av same retorikken som nazistane. Det er viktigare enn nokon gong å forstå opptakta til andre verdskrigen, slik at vi ikkje hamnar i same situasjonen, seier Trude Lorentzen til Nynorsk pressekontor.

Ho er ikkje historikar, men seier at ho har prøvd å fortelje historia om Quisling gjennom det ho kallar eit undrande blikk.

Boka Quislings koffert av Trude Lorentzen har fått gode kritikkar. FOTO: NPK

– Mykje av det eg fann har overraska meg. Slik som det nærmast hemmelege møtet Quisling hadde med Hitler hausten 1939. På det tidspunktet hadde ikkje Hitler bestemt seg for å invadere Danmark og Noreg, men Quisling, som då berre var leiar for det vesle norske nazipartiet Nasjonal Samling, argumenterte sterkt om at Hitler måtte redde Noreg frå ein britisk invasjon. Eg trur dette møtet var viktig for at Hitler sette i verk Operasjon Weserübung, altså invasjonen av Danmark og Noreg, fortel forfattaren.

Ho nemner også at Quisling, som har solid bakgrunn frå Forsvaret, fôra tysk etterretning med informasjon om dei norske forsvarsverka.

– Det viste seg at informasjonen frå Quisling var mangelfull, han hadde tydelegvis ikkje fortalt om torpedobatteria på Oscarsborg utanfor Drøbak. Og senkinga av Blücher, det faktum at kongehuset og regjeringa kom seg unna, at kampane om Noreg var hardare enn dei hadde venta, var faktorar som var medverkande til at Terboven vart sett inn som øvste leiar i Noreg i staden for han, seier Trude Lorentzen.

Seinare fekk Quisling tittelen ministerpresident, men det var framleis tyske Terboven som var den mektigaste mannen i Noreg.

Prestesonen

Vidkun Quisling var fødd i Fyresdal i Telemark i 1887, der faren var prest. Den vesle Vidkun hadde tidleg det forfattaren kallar grandiose ambisjonar. Heile livet jobba han med å forme ut ein filosof han kalla Universialismen. Det var ei salig blanding av kristendom og vitskap, som var vanskeleg å få noko ut av for andre.

Quisling tok militær utdanning og hadde Russland som spesialfelt på Krigsskulen.

I kjølvatnet av den russiske revolusjonen, tørke og dramatisk avlingssvikt, opplevde Ukraina hungersnaud utan sidestykke for 100 år sidan. Folk levde under forferdelege forhold, det var store vanskar med å få fram mat til dei hardast ramma områda. Den norske nasjonalhelten Fridtjof Nansen leidde FN sitt naudhjelpsarbeid i Ukraina.

Nansen fekk Nobels fredspris for arbeidet sitt her. Det blir sagt at Nansen og Quisling samarbeidde godt i naudhjelpsarbeidet.

Vidkun Quisling ved kontorpulten under krigen. FOTO: Arkivfoto: NTB

På grunn av at Vidkun Quisling snakka russisk, og at han var ein god organisator, vart han handplukka til å assistere Nansen i naudhjelpsarbeidet. Han fekk gode skotsmål for arbeidet sitt i Ukraina. Og det var her han også møtte konene sine.

For Vidkun var bigamist. Han møtte den første kona si, den då 16 år gamle Alexandra, då ho jobba som telefonist på naudhjelpskontoret i storbyen Kharkiv, som då var hovudstad i Ukraina. Etter ein periode heime i Noreg reiste han til Kharkiv igjen. Der sjekka han opp ei ny telefondame på naudhjelpskontoret, 23 år gamle Maria.

Han sa til førstekona Alexandre at ho kunne bli dottera deira, men det tok lang tid før dei vart formelt skilde.

Grava til Vidkun og Maria Quisling på kyrkjegarden ved Gjerpen kyrkje i Skien i Telemark. FOTO: Erlend Aas / NTB / NPK

Prøvde seg på hushjelpa

– I tillegg viste det seg at Quisling ein gong prøvde seg på hushjelpa dei hadde heime i Erling Skjalgssonsgate på Frogner i Oslo, der dei budde. Eg har snakka med dottera til denne kvinna, og ho fortel at han ville gi mora ein edelstein. Elsa, som ho heitte, avslo og slutta i tenesta. Etter det opplevde ho at han følgde etter henne på gata, og at han trygla henne om å flykte saman med han til USA. Og dette var få år før krigen. Hadde ho takka ja, så kunne det verkeleg ha endra historia, seier Lorentzen.

Ho fortel at den norske naziføraren hadde svært lite erfaring med kvinner før han møtte Alexandra i Kharkiv som 34-åring i 1921. Alexandre var blond og hadde blå auge, og Quisling var sikker på at ho ætta frå norske vikingar. Dei som jobba saman med henne meinte at ho hadde bleika håret.

Villa Grande på Bygdøy i Oslo vart brukt som førarbustad av Vidkun Quisling under krigen. Han døypte det om til Gimle, gudane sin bustad i gammal norsk mytologi. I dag husar bygningen Det norske holocaustsenteret. FOTO: Berit Roald / NTB / NPK

Forholda i Ukraina under hungersnauda for 100 år sidan var forferdelege med blant anna utstrekt kannibalisme.

– Dei enorme lidingane var med på å styrkje dei antikommunistiske haldningane til Quisling. Han hadde reist ein del i Sovjetunionen tidlegare, og vart etter kvart ein svoren motstandar av kommunismen, og det han opplevde i Ukraina forsterka dette. Men han utvikla også eit tankegods om at den nordiske rasen var overlegen andre rasar, og at dei skulle vere på toppen av hierarkiet.

Adolf Hitler hadde sin «Generalplan Ost» om korleis den ariske rasen skulle byggje, bu og vekse i områda som under krigen var Sovjetunionen. Og Vidkun Quisling hadde sin eigen norske visjon om spesielt Ukraina.

Noregs-velde i Ukraina

Prosjektet «Austrveg» skisserte draumen til Quisling om eit Noregs-velde i Ukraina. Tankegangen hans var at Kyiv trass alt ein gong var grunnlagt av norske vikingar, og at det berre er rett og rimeleg å ta tilbake det som ein gong var norsk.

Mange av dei 4.500 norske unggutane som melde seg til teneste som soldatar på Austfronten i divisjon Viking, hadde nok draumen om å bli storbønder på ukrainsk jord i bakhovudet då dei vart frakta i panservogner gjennom Ukraina mot fronten.

Dei norske frontsoldatane deltok med liv og lyst i kampen mot den sovjetiske hæren, og mange av dei deltok også i massakrar av jødar og andre sivile. Den overlegne ariske rasen skulle erstatte mindre verdifulle slaviske folkegrupper i desse områda.

Trude Lorentzen har snakka med mange kjelder i arbeidet med boka. Frontkjemparar, barn av frontkjemparar, tilsette, slik som Quislings koffertberar, i det heile har ho fått mange stemmer i tale. Ho skriv også om ei frue frå Holmenkollen som målbar jødehatet sterkare enn nokon annan her i landet, og som spelte ei viktig rolle i radikaliseringa av Quisling.

Vidkun Quisling under landssviksaka mot han i Eidsivating lagmannsrett i oktober 1945. FOTO: Arkivfoto NTB

Diagnose

Forfattaren har også fått våre fremste rettspsykiatrar til å vurdere den mentale helsa hans. Under rettssaka vart det slått fast at han ikkje var sinnssjuk, og at han såleis var ansvarleg for handlingane sine i rettsleg forstand.

Ekspertane i dag vil ikkje gi ein diagnose, men dei finn trekk av det som moglegvis kan vere narsissisme og grandiose førestillingar.

– Det er viktig å vere klar over at Vidkun Quisling hadde sjansen til å kome seg unna etter den tyske kapitulasjonen. Han hadde to speedbåtar liggjande nær bustaden på Bygdøy, og det stod eit fly klart på Fornebu. Det var også fleire tyske ubåtar langs kysten som tok med nazistar til trygge hamner. Dette kan tyde på at han ikkje forstod rekkjevidda av det han hadde gjort. At han kanskje såg føre seg ei mild straff, slik som husarrest, men at han ikkje venta dødsstraff, avsluttar Trude Lorentzen.

(©NPK)