Næringsdrivande Solveig Johanne Jansson er oppgitt over at bilar blir parkert langs Mogata, der ho driv sin frisørsalong.
Næringsdrivande Solveig Johanne Jansson er oppgitt over at bilar blir parkert langs Mogata, der ho driv sin frisørsalong. FOTO: Andreas Isaksen

– Gjer det vanskeleg å halde fortaua brøyta

Bilar som blir ståande parkerte i sentrumsgatene skapar utfordringar for næringsdrivande og brøytemannskap.

Frisør Solveig Johanne Jansson har drive sin salong i Mogata i ei årrekke. Ho leiger lokala på bakkeplan, men tar sjølv jobben med å brøyte fortauet utanfor. Ho er oppgitt over at bilar blir parkert langs fortauet på den smale gata.

– Det blir veldig strevsamt, for brøytebilane kjem ikkje til her når bilane blir ståande slik som dette, seier ho.

Jansson fortel at ho ikkje har krefter til å ta seg av noko stor snømåkejobb, men at ho gjer sitt beste, i alle fall rundt inngangen til frisørsalongen.

– Eg hadde nok klart å klatre over ei snøfonn for å kome inn, men det gjeld jo ikkje alle. Nei, dette må gjerast for kundane mine si skuld, seier ho.

Oppfordrar til å parkere privat

Driftsleiar ved teknisk drift i Sauda kommune Øyvind Ljung, oppfordrar saudabuen til å bruke private parkeringsmulegheiter i så stor grad som muleg, spesielt i bustadsområder med smale vegar. Han viser til kommunens eigne retningslinjer som også slår fast at det er fotgjengarar og eigar og førar av bil sitt ansvar å vere forsvarleg skodd for vinterføret der ein er.

Ljung visar vidare til politivedtektene som seier at det er huseigars ansvar å rydde fortauet for snø og is, samt å strø fortauet når det er glatt.

– Dette problemet er ikkje nytt. Eg har ofte hatt utfordringar med bilar som parkerer her, også oppå fortauet. Eg synest først og fremst det er trasig for kundane som ikkje kjem til, avsluttar Solveig Johanne Jansson.