Senterpartiet sitt forslag om å setta av ti millionar kroner til ei straumstøtte-ordning for det lokale næringslivet blei vedtatt i 2023-budsjettet i desember. Nå har eit einstemmig kommunestyre vedtatt å utvida kriteria for støtte.
Saka blei først behandla i formannskapet i midten av januar. I utgangspunktet var det då tenkt at det skulle bli straumstøtte til forbruk «på inntil 50 000 kWh per verksemd per månad», og der støtta skal dekka 80 prosent av kostnadene over 70 øre/kWh.
Då straumstøtte-ordninga skulle til endeleg behandling i kommunestyret 1. februar blei det lagt fram eit tilleggsforslag, som alle partia valde å støtta. I det nye tilleggsforslaget vil dei nå også støtta forbruk som ligg over 50 000 kWh, og inntil 100 000 kWh, per verksemd per månad. Denne støtta skal dekka 60 prosent av kostnadene over 70 øre/kWh.
– Dette er eit forslag som dukka opp på gruppemøte. Det handlar om at det gjerne er lokale bedrifter som også har forbruk over 50 000 kWh, seier ordførar Asbjørn Birkeland, som nemner Si-Glass og Sauda Skisenter som aktuelle kandidatar her.
Dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit, er veldig godt fornøgd med den vedtatte støtteordninga – og tilleggsforslaget som Ryfylke opplyser han om.
– Det er veldig bra. Det er ikkje sikkert me kjem opp i forbruk på over 50 000 kWh på ein månad, for truleg vil me ligga på pluss/minus 50 000 kWh i månaden. Det er mykje som speler inn på forbruket vårt. Er det veldig kaldt, aukar forbruket vårt, så klart. Samtidig følger me med på straumprisen heile tida og sparer der me kan. For eksempel har me begynt å stenga ein halvtime tidlegare, og det hender at me gjerne slår av den eine nederste heisen i ein periode, seier Fosstveit.
Glasfabrikken Si-Glass kjem utvilsamt inn i 50 000-100 000 kWh-kategorien, ifølge plassjef Lars Sigve Søndenå.
– Me har eit månadsforbruk som kjem over 50 000 kWh nesten uansett kor lågt ned me kjem i produksjon. Så dette er bra for oss, seier han.
Administrasjonen i Sauda kommune jobbar nå med å gjera søkeordninga tilgjengeleg for dei lokale bedriftene. Stønaden blir utbetalt kvar tredje månad.