– Det er jo ganske krise, dette. Vi har sett også dei siste åra at det blir mindre og mindre oppslutning. Det er også ein del av dei faste bøsseberarane som ikke lenger har muligheit til å dere med,og no ser det mørkt ut, seier ei fortvila leiar i Sauda frivilligsentral, Mari Austarheim.
Saman med Ågot Grindheim er ho koordinator for TV-aksjonen i Sauda.
– Det er eit høyaktuelt formål i år, Redd Barna sitt arbeid for barn som lever i krigsramma område. Eg håpar i det lengste at nokre fleire ser at dei har muligheit til å dere med på dette. Ein kan melde seg som bøsseberar lokalt, heilt fram til laurdag klokka 16 på www.tvaksjonen.no, seier Austarheim til Ryfylke.
Dei som melder seg som bøsseberarar, vil få informasjon på kvelden, laurdag, forklarar Austarheim, som slår fast at det ikke har vore aktuelt å avlyse deltakinga i Tv-aksjonen.
Ryfylke skrev opprinneleg at inntektene gjekk til Røde Kors. Dette blei retta laurdag ettermiddag.