– Mange seier at eg har «utsett utdanninga» mi nå som eg er ordførar. Men jobben som ordførar er jo ei fantastisk utdanning. Eg har lært ufatteleg mykje. Dette anbefalar eg alle unge, seier Håvard Handeland blidt.
Hektisk haust
Det er litt over ni månader sidan Arbeidarpartiets Håvard Handeland blei valt til ordførar i Sauda, og med det enda opp som Norges yngste ordførar. For, etter ein nervepirrande valkveld og valnatt valde Arbeidarpartiet og Høgre å inngå eit politisk samarbeid, med 19 år gamle Håvard Handeland som ordførar og Høgres 31 år gamle Paul Løyning som varaordførar. Store delar av medie-Norge ville ha ein bit av den unge påtroppande ordføraren. Få veker etter valet var han gjest i NRK-programmet Lindmo. Onsdag 6. oktober blei han formelt valt til ny Sauda-ordførar av det nye kommunestyret. Deretter starta eit intenst budsjettarbeid – som blei avslutta med kommunestyrevedtaket 6. desember.
– Korleis var hausten i fjor, når du nå ser tilbake?
– Heile hausten var eg i ei boble. Det var som å gå på autopilot. Det kjentest som eg hang etter eit lyntog, medan hovudet låg igjen på perrongen. Det var så mykje eg skulle gjera og setta meg inn i og eg bare måtte henga med. Eg hugsar at eg møtte kommunedirektør Vegard Thise for første gong. Han i formelle klede og eg i t-skjorte og tøflar. Han spurte kva eg ville ha, av mobil, pc på kontoret og heime. Eg klarte ikkje å følga med på kva han sa, hugsar Handeland.
Krevande oppgåver
Som 19-åring, nærast utan særleg arbeidserfaring, var det krevande å kasta seg inn i ordførarrolla, med budsjettarbeid på arbeidsblokka frå dag éin.
– Eg følte eg hadde ein stor bevisbyrde, at eg måtte visa at eg som 19-åring kunne klara denne jobben. Budsjettarbeidet var krevande, med å prøva å sy saman ulike kompromiss og forsvara prioriteringar. Eg kom meg ikkje ut av bobla. Eg hang framleis etter lyntoget utover hausten, fortel han.
I romjula kom smellen. Som ordførar deltok han på Sauda Vekst sitt «romjulstreff», om kvelden onsdag 27. desember. Håvard Handeland møtte opp i raudrutete dress og snakka energisk til forsamlinga med stor suksess. Ingen merka noko på han. Det gjorde for øvrig kommunalsjef Roger Birkeland då han skulle kjøra ordføraren heim.
– Bobla sprakk. Eg gjekk heilt ned for telling. Blei sjuk og verka over alt. Eg brukte sjukedagane til å reflektera. Eg innsåg at eg hadde overkomplisert det meste og måtte læra meg å ta ein ting om gongen og ikkje legga lista så høgt for meg sjølv, seier han.
– Var du lenge vekke frå jobb?
– Neida. Eg var på jobb igjen 2. januar.
Etter ei avkoplande romjul gjekk alt betre. Han er ikkje lenger i ei boble, og han har lært seg å ta ein ting om gongen. Bevisbyrda er heller ikkje lenger like tyngande. Han får mange heiarop, frå både unge, vaksne og eldre.
– Sauda er den rette plassen å vera ung politikar. Samfunnet gir deg verkeleg ein sjanse. Det set eg stor pris på, smiler han.
Bur i «kollektiv»
Intervjuet blir gjort på ordførar-kontoret, i tredje etasje i rådhuset. Det er her han har dei fleste arbeidskvardagane sine. Ordførar-vervet gjer at han også må reisa ein del, og at han må ta ein del arbeid med seg heim både kveldar og helgar.
– Eg bruker helgar og kveldar til å førebu meg. Det er mykje å setta seg inn i, og eg kan få spørsmål på direkten i møte og då må eg vita kva eg skal svara, seier han, som alltid leier møta i kommunestyret og formannskapet.
– Forresten: Erfaringa mi som ung politikar er utelukkande positiv. Eg har ingen andre forpliktelsar. Kollegaen min i Suldal, ordførar Mats Drange, skal snart bli far. Eg forstår ikkje korleis eg skulle klart ordførarjobben i ein slik situasjon. Det står respekt av dei som klarer å kombinera, seier han.
– Apropos det. Korleis er bu-situasjonen din?
Handeland budde framleis heime hos foreldra på Fløgstad då han blei valt til ordførar. Tidlegare har han signalisert at han er på leit etter ein eigen stad å bu.
– Eg bur i eit kollektiv, med nære venner; foreldra mine, haha! Eg bur faktisk heime ennå, i kjellaren, vel å merke. Eg er litt på leit etter ein stad å bu, men vurderer også å kjøpa noko. Då kan eg leiga det ut når eg skal studera, seier han.
– Er legestudiane framleis på blokka, altså?
– Jada. Før jul tok eg ein eksamen i eit fag eg må ha for å komma inn på legestudiane. Dei andre eksamenane får eg ta etter kvart. Men planen er å bli lege, ja, seier han.
– Mads Gilbert (norsk lege, nødhjelpsarbeidar og politikar, red.merkn.) seier at «Medisin og politikk er som siamesiske tvillinger». Det er eg einig i. God helse og godt helsesystem handlar om politiske prioriteringar. Levekåra er med andre ord, i mine auge, ofte innramma i politiske prioriteringar av velferdsgoder, legg han til.
Kan ha tunge dagar
Som ordførar jobbar Håvard Handeland tett saman med administrasjonen i Sauda kommune. Han innrømmer at han er overraska over kor artige folk han jobbar med.
– Det er faktisk eit veldig gøy miljø her! Ein skulle jo tru at det var litt traust med masse byråkrati og offentleg forvaltning, som for øvrig eg synest er veldig interessant. Det er utruleg kjekke folk her. Dei tar vare på meg. Eg blir litt erta for at eg går med sokkar i sandalane, men det er grunn i seg sjølv til å la sokkane bli verande, smiler han.
Sjølv om Håvard Handeland skildrar ordførar-jobben sin som fantastisk og lærerik, er det ikkje til å stikka under stol at det også er tunge dagar.
Han innrømmer at det å ha ein såpass stor og sterk opposisjon har vore ekstra krevande i tida etter valet i fjor haust. Det er ingen hemmelegheit at tonen mellom posisjonen og opposisjonen til tider er, og har vore, temmeleg anstrengt.
– Å leia kommunestyret, med ni som heiar på meg og ni som helst skulle vore leia av andre, er jo ein «artig øvelse», og det var krevande i starten. Samtidig er det slik demokratiet fungerer og må fungera. Me folkevalde må samtidig vera bevisste på rollane våre og saman skapa eit rekrutteringsfremmande miljø. Me drøftar stadig andre sitt arbeidsmiljø, me bør gjerne starta med vårt eige først. Me er ikkje tent med å skremma andre og kvarandre ut av den politiske jungelen, seier han.
I slutten av mai valde Handeland å svara på eit Ryfylke-lesarbrev om framtida til Sauda Ferie & Fritid. I kommentarfeltet på Facebook-sida til Ryfylke hagla kritikken mot den unge ordføraren.
– Det gjekk verkeleg innpå meg. Då var eg i skogen og skreik litt. Det som var ekstra frustrerande var enkelte sine forsøk på å døypa usanning til sanning. Dette er jo ikkje ei politisk sak, men ei rein administrativ sak. Eg har lært naivitet ikkje løner seg. Eg var nok meir naiv i starten, nå veit eg at folk er trugande til å slå politisk mynt på alt, seier han, som nå har valt å avgrensa politiske diskusjonar i sosiale medier.
Kjekke arbeidsoppgåver
Som ordførar har Håvard Handeland alt klart å via fleire par her i Sauda. Han innrømmer at det var ei litt rar og spesiell oppgåve han aldri hadde sett føre seg å gjera.
– Men det har vore veldig kjekt. Eg får gjera mykje kjekt. Eg liker at eg får jobba med folk og får ha den nærleiken til innbyggarane i Sauda. Her om dagen var eg og kommunedirektøren ute på ein rullestol-tur i sentrum. Slik er kjekt, seier han.
Han liker også å sjå resultat av vedtak han sjølv har vore med på.
– Det er det som er så kjekt med å vera lokalpolitikar. Ein ser resultata av vedtaka. Det er veldig givande, smiler han.
Nærleiken til lokalsamfunnet gjer at han svarer nei når nokon spør om han kan tenka seg å stå på ei stortingsval-liste. Han ser ikkje føre seg ei politisk karriere i Oslo.
I starten var det mange som ville diskutera politikk med Handeland når han var ute blant folk, både i dagslys og inne på puben.
– Det var meir i starten. Men det er bare kjekt. Eg synest det er viktig at eg er ute blant folk. Sjølv om eg også er privatperson er eg i praksis ordførar heile døgeret, erkjenner han.
Fleire av vennene hans bur framleis i Sauda, men ifølge Handeland skal alle saman reisa ut frå Sauda for å studera til hausten. For dei er han framleis bare kompisen Håvard.
– Når eg er blant venner er alt som før. Me diskuterer politikk, men det gjorde me også før. Men eg har merka at den ytre bekjentskapskrinsen min diskuterer meir politikk nå. Viss eg har bidratt til det, gjer det meg glad. Politikk er ein fin og lærerik arena også for unge menneske, seier han, som får ekstra energi når han møter engasjerte barn og unge.
Vurderer interail
I dei siste ni månadene har dei tidlegare vanane og rutinane til Håvard Handeland gått heilt i oppløysing. Han har travle og varierte, og tidvis lange dagar, med ulike programpostar som krev tid og energi. For å kopla av har den unge ordføraren investert i ei ny interesse: Fotografering. Han har kjøpt seg eit skikkeleg kamera, som han tar med seg når han går i naturen. Nå, som sommaren står for tur, blir det også litt ferie for Handeland.
– Ferielova gjeld ikkje for meg. Men eg skal ha litt ferie. Eg har litt lyst til å dra på interrail i eit par veker. Slik det ser ut nå, blir det bare meg. Men det skal gå fint. Tar med meg ei bok eller to. Det blir fint å kopla heilt av, seier han.
Planen er også å ta ein ny tur til Romania, saman med Romania Aid og Morten Brekke, i oktober. Romania-turen i vår gav absolutt meirsmak.
– Eg vil setta av ein tur til Romania kvart år medan eg er ordførar. Det er så viktig og bidrar til at eg får sett ting i perspektiv. Det er viktig å ha i bakhovudet når me skal laga nye kommunebudsjett, seier han.
Russeavis og områdeplan
Intervjuet er over, og det er tid for litt fotografering. I vinduskarmen står bildet Ryfylke tok av russetoget 2023, året då Håvard Handeland var raudruss her i Sauda. Dette var få veker etter at Ap hadde lansert Handeland som sin ordførar-kandidat og fire månader før kommunevalet. Russen Magnus Tveit og Joar Fiveland held ei babydokke og ein plakat med påskrifta «Saudas neste ordførar». Inne i bilen sat Håvard Handeland, som då var 18 år. I dag smiler han av toginnslaget som både russen og heile Sauda syntest var ein ganske morosam og urealistisk framtidsspådom.
– Eg må få ramma dette inn, seier han.
Ryfylke vil også ta eit bilde av han ved kontorpulten.
– Eg skal bare rydda litt, seier han og ryddar vekk papir-rot framfor den oppstilte boka til Jens Stoltenberg, som er eit stort førebilde for han.
– «Rotet» mitt her er russeavisa og Statnett sin områdeplan. Det skildrar jo meg ganske godt.