Hytta på 20 kvadrat bestod av berre eitt rom, og mesteparten av tida var me forståeleg nok ute. Me gjekk korte turar og fiska småaure med bambusstang og makk i elva. Me hadde kontroll på «makkaboksen» etter ei sann historie om tørste mannfolk på fisketur. Då dei kom heim igjen til den mørke hytta, var det dessverre ein av karane som tok feil av vassausa og makkaboksen, og levande makk på tvers i halsen blei sterk kost til og med for denne kraftige karen.
Seinare gjekk me til Fossdal og fiska med oter. Det var spennande å gå langs vatnet saman med far for å sjå om «han va på bete.» Det blei sagt at det var best med vind og litt krusningar på vatnet for å lura fisken, og det blei faktisk fleire gode fiskemåltid.
Olme stutar
Størst spenning knytta seg likevel til stutane i området. Dei var ofte både nærgåande og trugande, ikkje minst når me fekk fisk, stoppa opp og sveiva inn etter som fisken ofte beit på ytterste fluga.
Ei tante blei ein gong lei av heile fiskinga og ville gå heim frå Fossdal åleine. På veg ned mot Buer måtte ho klatra opp på ein stein for å komma seg unna stutane. Der blei ho sitjande eit par timar til me andre kom ned igjen.
Raske båtar, men lite fisking
Fisketurane våre etter fjellaure kjem neppe under kategorien matauk, men dei som hadde hytte ved fjorden, kunne nok redusera matbudsjettet og tena nokre ekstra kroner. Utan fryseboks var det vanleg å salta fisken, og kanskje bora Fjordsol for å levera fangsten til familie og kjende i Sauda.
Mange hytteeigarar fortel nå om lite fisk, men har dei verkeleg prøvd?
Plastikkbåtane er så blanke og nypolerte at eigaren knapt vil ha fisk og den slags søl i båten. Garnfiske er for mange uaktuelt, det er jo så mykje arbeid, og du må nok rekna med nærkontakt med maneter, både snille og hissige med lange trådar. Å stå på brygga utan klokke, ta fisk ut av garnet, nyta kaffien og sommaren og kjenna godlukt frå krabbegryta, går det an å ha det betre? Når fiskaren er ferdig, står avdelingen for rensing og filetering klar, og det er ofte berre å velja dagens middag med tilbehør.
Bærplukking
Ganske tidleg måtte me bli med på bærplukking i hagen, spesielt rips- og solbær. Det er greit i starten med mykje bær og god plass i magen, men slitsamt med nesten tomme buskar. Motivasjonen var delvis bestemor si varme solbærsaft og melkesjokolade frå forkjølelsen førre vinter. Alle kan plukka bær, men dei raude, kvasse stikkelsbæra på Rød var usympatiske med sine stikk!
Blåbæra var og er sunne, og med gunstig vèr og temperatur kan det også bli modne bjørnebær utpå hausten. Mange kjører også langt ned i Telemark for å plukka tyttebær, for meg heilt uforståeleg. Små, sure og vonde er dei, og så skal dei liksom også brukast til middagen?
Vera med i slåtten
Me var elles i den heldige situasjon at bestefar hadde gard, og det var bruk for oss i slåtten. Lediggang var den gong rota til alt vondt, og det var jo heilt topp å kjøra hest, men hesjing, raking og innkjøring av tørrhøy måtte også gjerast. Å vera med bestefar var kjekt, og i kampens hete høyrde me nok ord og uttrykk som me ikkje lærte på skulen hos frøken Johnsen.
Lunsj og middag på kjøkkenet hos bestemor med «fløytekodla og kjeks» som dessert er varme, gode minne. Avslutninga på arbeidsdagen var også spennande, for bestefar meinte at alle som var med i slåtten, skulle drikka øl, vel å merka skikkeleg øl som Bayer eller Eksport. Lagerøl og seinare Olsendriver og alkoholfritt øl var ikkje noko greier. Foreldre var ikkje spesielt glade for tidleg «øldebut,» men det var jo berre ei flaske, og såpass autoritet bør vel ein bestefar ha?
Om ei veke kan du lese del 3 av denne artikkelen.