Utan å romantisera eigen oppvekst trur eg bestemt at me også i sommarferien var flinke å aktivisera oss sjølv. Å leika cowboy og indianer var kjekt, men ikkje heilt ufarleg når Edvin Pape hadde lært nye triks på torsdagens cowboyfilm. Dessutan huskar eg at Asbjørn Jensen på besøk frå Fløgstad måtte returnera med armbrot etter nærkamp. Dette var jo bagatellar i høve til skrekkhistorier frå krigen mellom gutane i Åbøbyen og Birkeland.
Me heiv sjølvsagt på stikka med dei få 5-øringane våre og trilla klinkekuler i kamp for nye iddisar. Å hoppa tau var kjekt, spesielt med langt tau og to som svinga. Å ta land var ein annan leik, dessverre utelukka i dag, for me kasta jo kniv for å skaffa oss nye område.
Me kjende nokon som kjende nokon på Fiveland, og det kunne jo vera interessant å ta ein sykkeltur opp dit, syklar med gir hadde me vel ikkje høyrt om? Bremsesystemet på dei små syklane våre, det vil seia bakbremsen, var neppe laga for å bremsa heile vegen frå Fiveland til hovudvegen. Bremsen gjekk varm, men på hovudvegen fann me ein røyrbit som førte kaldt vatn ut frå bekken. Seinare lærte eg fysikk, og kaldt vatn på kokande bremser var visst ikkje så lurt.
Bilen kjem
1960 representerer eit skifte fordi det blei fritt fram for alle å kjøpa bil. Det blei hektisk for sjåførskulen til Magne Espeland, ikkje minst fordi dei fleste «elevane» var godt vaksne utan erfaring frå trafikken, og det tar tid å læra «gamle hundar å gøy.» Me fekk tidleg vår grøne Ford Anglia som den gong var nummer to på salsstatistikken bak bobla.
Camping, ikkje glamping
Me var utruleg stolte då me kvar helg drog til Røldal, Kinsarvik eller Skånevik. Far jobba annankvar laurdag til klokka 12, og til og med arbeidshelga bar det av garde med telt, propanapparat og spesialkofferten med tallerkar, glas, knivar, gaflar og knivar. Den første tida hadde me verken fortelt eller stolar, men me sat på den brune presenninga som elles dekka takgrinda og ein kubikkmeter last. Angliaen med 42 hestekrefter likte seg ikkje på Røldalsvegen, og det gjorde ikkje far heller då han stirra på temperaturpila som hadde kurs mot raudt. Mykje betre med flate vegen til campingplassen i Skånevik med sjø og bading. Campingplassene generelt var ikkje akkurat trestjerners med innbydande toalett og dusj, og bonden som kom rundt for å kreva betaling, hadde god tid og likte ofte ein dram eller to. For mange var det stas å visa fram reiseruta med bakruta full av kommunevåpen. Med vår spesielle bakrute var det ingen god idè, men som turistar flest kom me heim med andre ubrukelege suvenirar.
Turnoppvisning i Røldal
Ein sommar fann Arne Lunde på at me skulle ha turnoppvisning på campingplassen i Røldal. Bakgrunnen var visstnok at ein i turngjengen, Einar Rones, skulle flytta til Røldal, og Arne meinte at han var den første røldøling som var nokon gong hadde tatt araber flikkflakk. Etter ein kald tur over fjellet bak på lastebilen til Wilhelm Handegaard rulla me ut matter og bukk/hest for hopp og hadde oppvisning for turistane, sannsynlegvis første og siste gong i Røldal? Finn Isaksen var svært interessert i turn, følgde treninga på Turnhallen, sette opp eigen vandrepokal og var nok med på denne turen og ein liknande til Vikedal.
På campingtur heilt til København
Seinare blei det lengre turar, blant anna til Sverige og Danmark i 1962 med Nansy og John Sandal med familie. Eg huskar spesielt dei vaksne diskuterte eit ukjent problem for dagens turistar. Kor mykje måtte dei veksla inn i svenske og danske kroner? Det blei sikkert for lite svensk valuta etter som familien Sandal hadde eit dramatisk uhell i Uddevalla. John skulle få lys i teltet ved å kobla seg til bilen, ein eldre Vauxhall. Det tok dessverre fyr i motoren, og det blei tre ekstra dagar i Uddevalla der John blant anna skifta ut brende ledningar i motoren.
Turen vidare til København og Tivoliet gjekk som planlagt, og eg trur eg hadde mykje å fortelja ved skulestart hausten 1962.
Campingvogn og bubil
Telt og luftmadrass for skeivt og vått underlag er historie, og eg forstår at mange gjekk over til campingvogn sjølv om dei hissa på seg andre bilistar som hadde det travelt. På Røldalsvegen var det både utlendingar og nordmenn med campingvogn som måtte ha hjelp med å rygga i Ekkjeskaret. I dag har komfortable bubilar erstatta dei fleste campingvognene, og trafikken flyt betre etter ein trå start med «symaskinmotorar,» lange køar og dårleg stemning.
Å skriva bilnummer
Ungane i dag er jo leie av bilkjøring medan me på 60-talet opplevde bilen med nyhetens interesse. Me følgde med, kikka på kart og hadde konkurranse om bilmerke og farge på møtande trafikk. Heime på Espeland skreiv me bilnummer, og me var så konsentrerte om bokstavane og tala at me knapt såg bilane. Ein sjeldan tysk eller nederlandsk turist som trudde han var på veg til Røldal, sneik seg inn blant gjengangarar som Julius Pape og Mathias Breivik, og hyttefolk som Andreas Dalland og Toralf Garatun pluss motorsykkelen til Arne Lunde med Målfrid bakpå.
Hytteturar utan foreldre
Påsken 1960 stod vår eiga hytte ferdig, nokre hundre meter innanfor Storemyr. Her var me store delar av sommaren i åra framover, også saman med onklar, tanter og søskenbarn. Med reiseradio, litt lesestoff, bading i Storemyr og klatring i Klovsteinar sakna me ingen ting. I ti-tolvårsalderen drog me på hytta åleine med beskjed om å vera forsiktig med ovnen, gassen og parafinlampen. Dette er gode minne om fridom, turar, kortspel, pilkast, radio Luxemburg og spennande besøk. Fridom under ansvar i ung alder er undervurdert og ein viktig del av frigjeringa.
I dag er liksom alt så mykje farlegare og hyttene så flotte at du minst må vera konfirmant for å få lov å dra dit med venner?
Foreldreoppgåver er blitt kommunale
Kommunen hadde mange oppgåver også den gong, og foreldra fekk jammen ta seg av ungane sine sjølv. Det var ingen Gunnar Solvang eller Magnar Birkeland som på vegne av kommunen spanderte gratis turar til Bø Sommarland, Kongeparken, Rush Trampolinepark eller Fangene på fortet. I år reiser over 200 ungdommar på ein sosial, gratis kommunal tur for å skapa fellesskap og eit godt miljø. For ein velstand!
I tillegg arrangerer altså Sauda IL sommaraktivitetar for dei mellom seks og tolv år to dagar i veka heile juli. Alt er gratis, og med hjelp frå foreldre, besteforeldre og andre blir det også mat og drikke. Snakk om luksus!
Vår luksusferie på 80-talet
Det var langt til den nye turistmagneten, Bø Sommarland, og korleis skulle me finansiera turen med nytt hus til 300.000 og 30.000 kroner i studielån? Vår suksessoppskrift i fleire år er neppe aktuell i dag: Me la ned baksetene i vår Toyota Carina, stod opp grytidleg og bar ungane sovande ut i bilen. Far kjørte litt rolegare enn vanleg til Røldal kor det var vekking og mors velorganiserte frukost før full fart til Bø. Då fekk me heile dagen i parken med Magasug, vatnsklier og mykje moro. Så var det jo berre fire timar i bil heim igjen, og då var det vel berre sjåføren som ikkje sov.
Norway Cup
To somrar var me reise-/lagleiar på Norway Cup i Oslo med kjappe opp- og nedturar på Ekebergsletta, eit fantastisk arrangement for tusenvis av ungdommar. Ingen gløymer åpninga med Pele og andre store stjerner og livlege overnattingar på skular i området. I år er det neste generasjon som skal på Norway Cup, men dei overnattar naturlegvis på eit fancy hotell. Heilt tilfeldig dukka det opp eit dikt med tittelen Generasjoner.
Faderen bygde sitt hus med egne hender
Sønnen bygde på en etasje med andres hender
mens sønnesønnen tok solbad.
Danmarksferie
Etter Norway Cup i 1990 drog me direkte vidare til Danmark, men det blei ikkje så deilig som det står i reklamen. Ved innkjøringa til Gøteborg kom nemleg eit kraftig smell frå motoren, og på Backa Bil fekk me beskjed at lådan var øydelagt, det vil seia girkassen øydelagt på grunn av mangel på girolje. Kanskje derfor girspaken hadde vore varm i det siste utan at bilmekanikar Rød hadde sjekka? Ungane var sjokkert over språkbruken på verkstaden, det var nærast ei oppvisning i svensk bannskap. Bilmekanikarane hadde peiling på Volvo og Saab, men likte ikkje japanske bilar. For oss blei det leigebil, ekstra dagar i Danmark og ein dyr ferie. Merkeleg nok har det aldri blitt meir snakk om sommarferie i Danmark.
Neste torsdag kan du lese den siste delen av denne artikkelen.