Mest spennande fangst i år, piggvar på 2 og 6 kilo.
Mest spennande fangst i år, piggvar på 2 og 6 kilo. FOTO: Privat

Eit skråblikk på sommarferien – Del 4

Fire torsdagar på rad kan du lese Kåre Rød sine mange betraktingar og minner frå somrar gjennom sitt liv. Artikkelen var først publisert som eitt samanhengande stykke i Ryfylkes sommaravis, men no kan også våre lesarar på nett kose seg med dei mange sommarminnene. I dag kan du lese fjerde og siste del.

Lei av bilkjøring? Dra til England og prøv venstrekjøring!

Kjennskap og vennskap gav oss gratis turar til England på ein gasstankar. Første gongen blei det tog og buss til Edinburgh, men neste gong satsa me på rundtur i England og Wales med leigebil. Sjømannspresten gav meg eit lynkurs før me drog tvers over England til flotte sandstrender i Wales. Overnatting på Bed and Breakfast i fint landskap var forskjellig frå det industrialiserte og skitne England me las om hos Otto Fatnes. Kjøringa gjekk bra i dei største rundkjøringane, ja til og med då me rota oss inn i London med kurs for York, Whitby og båten heim igjen. Bilkjøring i England går fint for konsentrerte sjåførar som ikkje må innom stampuben før kjøreturen.

Charterreiser

Trass i ein eksplosiv velstandsauke var pakkereiser til Spania og Hellas lite aktuelt for saudafolk flest på 60-talet. Å ta fly var skummelt, men mange drog til næraste flyplass for å sjå på landing eller take-off, kanskje for å vurdera risikoen.

På eit visst tidspunkt kom revolusjonen, og alle slags heimfødingar skulle til Mallorca eller Kanariøyane. Passkontroll og innsjekking var eit syn med nervøse og lite reisevante saudabuar, og mange av dei hadde så visst ikkje tenkt å prøva matrettar frå Middelhavsområdet. Derfor var kofferten full av knekkebrød, brunost, ostehøvel og til og med egg. Dei hadde høyrt om skitne høner og dårlege hønsehus og tok heller sjansen på at kofferten fekk fin behandling, noko som ofte blei motbevist.

Den gong var det service og fri flyt av alkohol på fly, og det hadde dei ikkje opplevd sidan jubilantfesten på EFP, for mange med vekslande hell. Mange hadde ikkje ordentlege bankkort til bruk i andre land, og det kunne lett bli ein dårlig kombinasjon med tre-fire drinkar innabords og desto fleire tusenlappar i cash på baklomma. Det var derfor greit å komma seg på hotellrommet kor dei som regel hadde ein safe.

Med gode tips frå naboar og kolleger var det berre å gå etter lyden av svenske danseband for å finna restaurantar som hadde skikkeleg mat på menyen, det vil seia komler, kjøttkaker og svenske kjøttboller. Vår første sydentur var til Bulgaria i 1992, og me fekk det viktigaste: Sol, varme og billeg mat. Eit snodig minne frå flyreisa var gjennomgang av tryggleiken om bord. Då regelverk blei gjennomgått, og Non-smoking skilta lyste, stod fleire av flyvertinnene frå Balkan Air i midtgangen og røykte. Det er vel det ein kallar eksemplelets makt?

Storbyferie

Fantasien frå reisebyrå og reiseselskap tar aldri slutt, og brått blei storbyferie i ei oval helg ei ny nisje. London, Berlin og Paris er nok dei mest populære, men Praha og Brussel har også sin sjarm. Har du god økonomi, kan du berre snurra atlasen eller kaste piler på verdskartet for å bestemma reisemålet. Ein ny metode er å reisa etter valutakursen i ulike land, og det kan lett bli ein tur til Albania, Polen, Ungarn og Romania eller svært nær ulike krigssoner.

Feriejobb

Som skuleungdom og student var sommarferie synonymt med jobb. Me jobba så mykje me kunne, og ingen av vennene mine sa frå seg ein jobb fordi han/ho var sliten eller hadde rause foreldre sponsa deg og studiene. Sjølv starta eg på kommunen i 1967 med fem kroner timen og Hjalmar Øvrebø som bas. Så blei det EFP og traktoren til Gustav Lofthus på Tomta under kyndig leiing av Egil Karbøl. Posten var på jakt etter spreke postbud på sykkel, ein triveleg jobb om sommaren med lite post.

Etter å ha passert 18 år fekk eg plass på D-skiftet på ovnshuset med Gustav Westin som storbas. Fabrikken og ovnshuset var ein triveleg arbeidsplass med godt humør både i tappen og i brakka, med tobakksrøyk og kald drikke frå brusautomatane som Wilhelm Handegaard hadde ansvaret for. Skiftarbeid var jo ikkje noko problem for oss ungdommar, og betalinga var betre enn andre stader.

Det blei også tid til nokre veker ved Blåsjø på Ulla-Førre i tillegg til utandørs maling, helst berre stor kost og «flate veggen» for unge Rød.

Alle feriejobbane var viktige for økonomien i studietida og etableringsfasen, men møtet med ulike yrkesgrupper i alle aldrar gav også ei betre forståing, innsikt og respekt for andre arbeidstakarar.

Økonomien på 70-talet

På 70-talet gifta me oss stort sett like etter at me hadde passert 20, utan ferdig utdanning, hus, bil og eit års reise jorda rundt. Det har i mange tilfelle gått fint, kanskje på grunn av ballasten frå ein annan oppvekst der me hadde lært noko viktig: Me må yta for å nyta.

Dei første somrane med eigen familie var det ikkje rom for store sprell, men me lånte bil av foreldre og fekk oss ein kort luftetur til familie i Drammen og Kristiansand. Elles var me «berre» på hytta i Åbødalen eller Skipavåg.  Mange nordmenn vil i dag stryka berre og slå fast at hytta er blitt viktigare for sommarferien etter pandemi og høge temperaturar i Sør-Europa.

Klimaturisme og klimaflyktningar

Endringar i klimaet tyder at me i Norge må førebu oss på meir «klimaturisme» i framtida. Sør-europearar kjem til å reisa nordover om sommaren for å  oppleva både betre luft og passeleg temperatur. Av erfaring vil eg ikkje meir på cruise i Middelhavet i juli. Besøk i for eksempel Napoli og Dubrovnik blei rett og slett ein heseblesande kamp for å halda væskebalansen. I går kveld blei det rapportert om 44 grader i Hellas, altfor varmt til og med for ein solhungrig, bleik saudabu.

På vidda eller fottur i Sør-Europa?

Me blei oppflaska på aktivitet og fjellturar, og på 80- og 90-talet var me også på Hardangervidda med turlaget. Sosialt og kjekt, men litt flatt når du er vane med terrenget vårt. Derimot var organisert fottur i Italia heilt topp med spennande fjellformasjonar i 2500 meters høgde og norsk sommartemperatur.

Slapp av og sjå etter parapyen til guiden

Med stigande alder er ulike former for pakkereiser tingen, berre å høyra etter, rusla med flokken og gjera som guiden seier. Du har for lengst gitt opp å lasta ned appen til den lokale bussen eller trikken i Oslo, og du veit godt at du uansett ikkje er i stand til å betala på eiga hand.

Eksotiske reisemål

Kanskje den vakne lesaren alt har forstått at masseturisme til dei mest kjende reisemåla ikkje er min favoritt sjølv om eg er glad i greske øyar.

Av familiære årsaker har det blitt lærerike turar til Tyskland, Guatemala, Cuba og Haiti. På Hotel National i Havana gjekk me heilt uventa på Fidel Castro og president Lula frå Brasil. Det var så vidt ein forfjamsa fotograf klarte å ta eit bilde i farten.

Lotteriflaks og tilfeldigheter har ført oss til spennande reisemål som Marokko, Egypt og Sør-Afrika. I fjor valde me ein organisert pensjonisttur til Madeira i regi av Stavanger Aftenblad. Utan tvil eit flott opplegg kor du diltar med og betaler for servicen.

Fidel Castro i full fart forbi oss, Lula til venstre. FOTO: Privat.

Interrail

Ein populær reisemåte for ungdom, seinare også for vaksne, er Interrail. Du blir neppe togentusiast av å bu i Sauda og høyra om alle skandalane i «gamle NSB.» som i dag er oppdelt i. Kanskje er det nokre turar med natt-toget Stavanger-Oslo som har kurert mi interesse for interrail. Spontane sporskift og ruteendringar får andre i familien ta seg av.

Cruise

Før vårt første cruise i Karribien i 2005 hadde eg mange føredommar og vrangførestillingar om cruiseturistane. Var det ikkje berre gamle, tjukke amerikanarar som stort sett sat og venta på neste måltid? Reisefølget vårt på 13 med 60 års aldersforskjell hadde ein fantastisk tur saman med 2000 andre passasjerar og 800 tilsette. Den vel 300 meter lange båten med elleve etasjar kunne tilby eit utal av aktivitetar for einkvar smak, og logistikken ved måltida var imponerande.

I staden for å gå til kai i byar vakna me fleire dagar utanfor ei ny strand, og me kunne velja å gå i land til lunsj på stranda eller bli om bord. Etter å ha ete brente pølser og rått kjøt på tallause avslutningar og bursdagar er eg ingen grillfan, men grillmat frå spesialistar på ei karribisk øy er topp.

Konsertar og festivalar

Eg ser i avisa at det er mange som brukar tid på konsertar og festivalar.

Ja, til og med underteikna kosar seg på konsertar på Folkets Hus med Bjørn Eidsvåg, Halvdan Sivertsen og lokale artistar. Ein kveld på Biuesfestivalen i Skånevik med Froddien var fantastisk, for ikkje å gløyma Tina Turner på Valle Hovin for mange år sidan. Andre brukar sommaren på Bislett Games, EM i friidrett, EM i fotball og OL i Paris.

Sommarferie i framtida

Her er det mange x-ar og y-ar. Vår økonomiske situasjon i Norge vil sikkert halda seg stabil, men reiselysta vil nok avta med Putin, Trump og andre inkompetente leiarar. Klimakrisa har alt sett visse grenser, og kanskje vald og knivstikking reduserer interesse for storbyferie?

NEI, Stopp! Med skepsis og pessimisme endar me opp med: Det er best heime!

Sjansen for å havna i ulike negative scenario er minimal. Kom dokken ut, bruk pengane og skaff dokken opplevingar for livet! GOD SOMMAR!