OVERTENT: Både hytta og bilen til den utanbygds hytteeigaren blei tatt av flammane. (Foto:Ingvil Bakka)
OVERTENT: Både hytta og bilen til den utanbygds hytteeigaren blei tatt av flammane. (Foto:Ingvil Bakka)

To sakna etter husbrann

Politiet kan i skrivande stund ikkje gjera greie for to personar etter husbrannen i natt.

Politiet har framleis ikkje fått kontakt med ein person som bur i huset og ein person som var på besøk i huset som brann i Skulegata i natt.

– Me fekk melding kring klokka 00.45 om brann i Sauda sentrum, opplyser politibetjent Øyvind Dybiing.

– Me har ikkje oversikt over alle personane i huset, sa Dybing om situasjonen ein knapp time seinare.

Klokka 02.40 oppsummerte Dybing at politiet ikkje hadde oversikt over ein av personane som bur på adressa.

Seinare på natta viste det seg at det også var ein person på besøk i huset. Klokka 03.50 melder politietat ein har prøvt å koma i kontakt med dei to, men førebels utan å lukkast.

Då hadde brannvesenet kontroll over flammane, men ettersløkkinga vil halda fram utetter natta Taket er delvis rast saman. Brannmannskapa hindra at elden spreidde seg til nabobygga.

Nokre naboar er evakuert.