– Me har hatt ein person i ei 60 prosent vikariatstilling som følge av fleire utskiftingar og reduksjonar i staben på teknisk. Nå har me folk på plass i stillingane, men me innser at me har behov for ei ekstra halv stilling, forklarte rådmann Wictor Juul i formannskapsmøtet onsdag.
Politikarane måtte innrømma at dei blei noko overraska då dei såg saka ”Opprette stilling teknisk enhet” på saklista si.
– Det å auka sit langt inne, men me ser at det er eit behov her. Me i Høgre vil gå for dette, sa Ivar Tangeraas, som innleia debatten i formannskapet.
Også Arbeidarpartiets Wenche Hoftun innrømma at ho blei litt overgidd då ho såg at teknisk bad om ei ny, halv stilling. Sauda kommune har i fleire år måtta gjennomføra kutt i bemanninga si, blant anna i nettopp teknisk eining. I 2014 blei drifta av kommunen nær seks millinar kronar dyrare enn planlagt, noko som har ført til ytterlegare bemanningsreduksjonar i 2015.
– Men forvaltningsrapporten til KPMG (revisjons- og rådgivingsselskap, red.merkn.) viser at me har utfordringar i teknisk avdeling. Målet vårt må vera å få vekk avvika. Viss denne stillinga kan bidra her, vil også me støtta dette, sa ho.
Sekretæren som har vikariert i ei 60 prosent stor stilling har bidratt til å avlasta saksbehandlarar, kommunelsjef teknisk og oppsynsmenn med administrative oppgåver.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her