Måndag blir det halde eit informasjonsmøte kring asylmottaket i Sauda. Både utlendingsdirektoratets (UDI) regionkontor i vest og Hero vil vere til stades for å informere saudabuar.
– Me vil orientere og gi informasjon, i tillegg til å sette ting i perspektiv opp mot flyktningkrisa som er i verda. Mellom anna kjem me til å snakke om erfaringar me har gjort oss med asylmottak i andre kommunar, seier direktør for UDIs regionkontor i vest, Atle Berge.
Tidlegare på dagen vil direktoratet også opplyse politikarane om kva tenester kommunen er forplikta til å ha for dei som bur på mottaket.
Det gjeld hovudsakeleg innan skule og helse, slik rådmannen, Wictor Juul, peika på i Ryfylke i førre veke.
På folkemøtet klokka 18 er det også mogleg for saudabuar å stille spørsmål, både om ein er positiv eller kritisk overfor mottaket.
– Folk flest kjem nok på møtet for å få informasjon. Eg tenker at det er viktig at ein møter opp og får spurt om ting ein lurer på. Det gjeld for dei som kanskje vil stille opp og ønsker å hjelpe ekstra, men også for folk som er kritiske til planane. Det er ingen spørsmål som er dumme, framhevar Atle Berge.
Utviklingsdirektør i Hero Norge, Kjartan Dirdal, ser også fram til at saudabuar kan komme i kontakt med dei, stille spørsmål og ta initiativ.
– Me håper å knytte kontaktar i Sauda utover dei som skal jobbe på mottaket. Det kan til dømes vere enkeltpersonar eller frivillige organisasjonar som ønsker å bidra. Av erfaring veit me at det også blir stilt mange gode spørsmål som me ikkje har tenkt så mykje på sjølv på sånne møte, forklarer Dirdal.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her