Aina Olene Tveit er sjukepleiarutdanna og jobbar som kommunalsjef for helse og omsorg i Sauda kommune.
Aina Olene Tveit er sjukepleiarutdanna og jobbar som kommunalsjef for helse og omsorg i Sauda kommune. FOTO: Ingvil Bakka. i

Derfor treng Sauda kommune akkurat DEG!

– Me treng folk for å møta morgondagens behov for helse- og omsorgstenester, seier kommunalsjef helse i Sauda kommune, Aina Olene Tveit.

1. Kva arbeidskraft vil helsevesenet i Sauda kommune ha behov i åra framover?

– Me har behov for sjukepleiarar spesielt og helsefagarbeidarar generelt. Me har også innimellom behov for fastlegar, særleg i vikariat, men per dags dato er alle faste legestillingar besett.

2. Kvifor har kommunen behov for slik arbeidskraft?

– Det er to hovudårsaker: 1. Me må erstatta personell som går av med pensjon. 2. Me må møta dagens og morgondagens behov for helse- og omsorgstenester med nok kvalifisert personell. Det blir fleire eldre, jamfør den omtalte «eldrebølga», og medisinsk teknologi og kunnskap fører til at menneske kan leva lenger med bistand frå helsevesenet. Det fører til vekst i etterspurnaden etter helsetenester, noko kommunen må planlegga og dimensjonera for.

3. Vil utviklinga av ny velferdsteknologi gjera at helsevesenet også treng fleire unge tilsette med digital kompetanse?

– Ja, men digital kompetanse på generalistnivå er etter kvart «allmennkunnskap», og ein kjem langt med det innan kommunehelsetenesta foreløpig. Helsepersonell blir meir og meir digitale som følge av at brukarar og samfunnet generelt blir meir digitalt. Dei unge ser potensial og fordelar med teknologien, der me eldre gjerne syter meir og ikkje forstår heilt opplegget. Men eldre har nå meir erfaring med korleis eit pasientforløp utviklar seg, og når ein kombinerer helsefagleg kunnskap og erfaring med digital kompetanse, oppstår dei verkeleg gode løysingane.

4. Kva kan Sauda kommune tilby til helsefagleg utdanna unge menneske?

– Ein sikker, meiningsfull og samfunnsnyttig jobb, kor du får brukt heile deg, både fysisk og psykisk. Kommunen er Sauda sin største bedrift, og ein blir ein del av eit større fagmiljø, som gir godt grunnlag for læring og personleg utvikling. Kommunen har gode løns- og arbeidsvilkår, og gir støtte til både grunn- og vidareutdanning. Dette gir også gode karrieremulegheiter internt i organisasjonen dersom ein vil flytta litt på seg.

Andrine Hetlad (21) er helsafagarbeidar ved Åbøtunet. FOTO: Ingvil Bakka.

– Ein må lika å jobba med menneske

Andrine Hetland (21)

Hjelmelandsbuen Andrine Hetland var ferdig utdanna helsefagarbeidar våren 2020. I oktober 2021 blei ho tilsett i full stilling ved Åbøtunet i Sauda, der ho jobbar på avdelingane E3 og E2.

1. Korleis er jobbkvardagen som helsefagarbeidar i helsevesenet?

– Eg jobbar i full stilling, med skiftarbeid. Det betyr at eg jobbar både dagtid, ettermiddag og nattskift. Jobben min er veldig variert, ingen dagar er like. Eg arbeider med menneske med demenssjukdom, og eg føler eg får brukt utdanninga mi, både når det gjeld pleie og psykiatri. Eg synest jobben min er spennande. Eg har kjekke kollegaer, og eg kjenner at eg blir knyta til folk, både bebuarar og tilsette, når eg er på jobb nesten kvar dag. Eg føler eg får oppleva livet slik det er her, på jobb, både på godt og vondt.

2. Kva råd vil du gi til unge som lurer på kva utdanning dei skal velga?

– Sjølv hadde eg aldri noko plan om å jobba i helsevesenet, men eg fekk prøva meg litt i helsevesenet i ei arbeidsveke. Då fekk eg sjå korleis arbeidskvardagane kan vera i dette yrket, og eg valde å søka meg ei slik utdanning. Derfor kan det vera smart å få prøva seg litt før ein tar valet om kva utdanning er skal ta. Det er klart; det er ikkje alle som vil trivast i ein slik jobb. Ein må lika å jobba med menneske. Ein får også jobba i samarbeid med andre, og ein opplever stadig at ein lærer noko nytt av kvarandre. Eg synest jobben min er kjempespennande!

Anna Selvik (25) og Anna Olsen (24) er sjukepleiarar i heimetenesta i Sauda kommune. FOTO: Ingvil Bakka.

– Sjukepleiarutdanninga gir mange ulike jobbmulegheiter

Anna Olsen (24) og Anna Selvik (25)

Anna Olsen var ferdig utdanna sjukepleiar våren 2019, medan Anna Selvik var ferdig utdanna sjukepleiar i desember 2019. Begge fekk fast jobb i heimetenesta i Sauda kommune like etter endt utdanning.

1. Korleis er jobbkvardagen som sjukepleiarar i helsevesenet?

– Me jobbar fullt, tredelt skift. Som sjukepleiarar varierer me mellom om å ha dagens medisinansvar og å vera ute på oppdrag hos brukarane. Når me har medisinansvaret er me inne på Høllandstunet, og kommuniserer med  legar, sjukehus og andre tilsette i helsetenesta. Brukarane i heimetenesta er i ulike aldrar og har ulike hjelpebehov. Som sjukepleiarar har me ein god del ansvar, og me er gjerne dei som rykker ut viss det er noko akutt som skjer.

2. Kva råd vil de gi til unge som lurer på kva utdanning dei skal velga?

– Viss ein liker å jobba med menneske er sjukepleiarutdanning eit godt råd. Med ei slik utdanning har ein mange ulike jobbmulegheiter, og ein kan vidareutdanna seg om ein ønsker det. Som sjukepleiar vil ein alltid få jobb, og sjølv på ein liten stad som Sauda vil jobbmulegheitene vera mange. Det er for eksempel sjukepleiarar i arbeid både i eldreomsorga, på legesenteret og på apoteket. Når ein skal velga studiar må ein blant anna tenka på kva ein har lyst til, kor ein har lyst til å bu, mulegheit for jobb, og om ein er villig til å jobba turnus. Me trivst veldig godt i jobbane våre. Me får brukt kompetansen vår og blir heile tida utfordra. Brukarane er ulike og dagane er varierte og kjekke. Å vera sjukepleiar er eit givande yrke, der me får bidra til å gjera kvardagen betre for andre. Og me har eit veldig godt arbeidsmiljø, med folk alle aldrar!

Lønstal, Sauda kommune

Startløna for ein nyutdanna helsefagarbeidar er 363 700 kroner. Det er med null års godkjent lønsansiennitet. Ein vil få godkjent eitt år av læretida (verdiskapingstida). Dersom ein har hatt arbeid med stillingsprosent (eventuelt arbeida 14 timar per veke) i offentleg teneste tidlegare vil dette også bli godkjent som ansiennitet.

Startløn for sjukepleiarar er 443 700 kroner + 15 000 kroner i personleg tillegg som sjukepleiar.

Årsløn for legar med spesialitet er 912 262 kroner. Årsløn for legar utan spesialitet er 871 728 kroner.