Glatte veier

Såpeglatte vegar

Vinteren slepper ikkje taket

Kalenderen viser mai månad, men vinteren slepper ikkje taket. I dag, fredag, lavar blaut snø ned også i Sauda sentrum. Det snøar så mykje at vegane er dekka av den kvite massen. På Ropeidvegen er det no svært glatt. Dei fleste bilistane har nok skifta til sommardekk no. Det beste rådet til dei som skal ut og køyre er å avpassa farten etter forholda.