Rådmannen har lagt fram eit forslag til omorganisering av Sauda kommune som på sikt skal gi 9,6 millionar kroner i årlege innsparingar. 5,1 millionar kroner av dette beløpet skal ifølge rådmannen sparast inn ved å legge ned Risvoll skule, og overflytte elevane til Fløgstad skule og Austarheim skule.
Då rådmannen opplyste om dette forslaget tidlegare i vinter, meinte han at ei nedlegging av ei avdeling innan helse og omsorg var alternativet dersom politikarane ikkje vil legge ned Risvoll skule. Fleirtalet av politikarane i kommunestyret har gått til val på at dei ikkje ønsker å legge ned Risvoll skule. Alternative innsparingar er derfor eit aktuelt diskusjonstema blant dei politiske partia i Sauda.
– Eg har ikkje presentert eit alternativ fordi eg meiner det er eit mykje dårlegare alternativ å legge ned ei avdeling for eldre. Dei må då få eit tilbod heime, som igjen kan bety at me må tilsette fleire i heimetenesta. Legg ein ned Risvoll skule vil ein framleis kunne tilby eit godt skuletilbod, seier rådmann Wictor Juul til Ryfylke.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.