Ein tunnel frå Sauda til Etne har stått på ønskelista i fleire titals år. Dette har også vore nedfelt i ulike lokale valprogram. Under formannskapsmøtet onsdag tok varaordførar Asle Rafdal (Ap) til orde for at Etneveg-planane burde bli lagt i ein skuff.
Leiar av den lokale næringslivsorganisasjonen Sauda Vekst, Inge Løyning, meiner det er på høg tid at dei lokale politikarane tar eit oppgjør med om dei faktisk ønsker tunnel til Etne.
– Skal det bli ein Etneveg må dette bli jobba med kvar dag over tid. I dag blir ikkje denne jobben gjort, seier Inge Løyning.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.