Si-Glass permitterer, men reknar med å vere i full produksjon om kort tid.
Si-Glass permitterer, men reknar med å vere i full produksjon om kort tid. FOTO: Frank Waal

Si-Glass permitterer: – Reknar med det blir kortvarig

Glasfabrikken Si-Glass permitterer litt av arbeidsstokken, men reknar med å gå for fullt igjen om kort tid.

Ti personar går ut i permisjon hos glasprodusenten Si-Glass i Saudasjøen.

– Det er ikkje noko dramatikk i dette. Det kan snu på dagen, opplyser plassjef Lars Sigve Søndenå til Ryfylke.

Sjølv om Si-Glass har klart å unngå permitteringar dei siste vintrane, er det ifølge Søndenå ikkje uvanleg at bransjen har ein roleg periode på vinteren.

– Byggeaktiviteten går litt ned, før den tar seg opp igjen litt nærare våren. Me ventar på to store jobbar. Eg reknar med at me er i full produksjon igjen om ikkje lenge.

Han opplyser at det har vore høg aktivitet og stor produksjon hos Si-Glass lenge.

– Me har hatt svært mykje å gjere i 2022. Omsetninga vår i 2022 har vore 15-20 prosent opp samanlikna med 2021, seier Lars Sigve Søndenå.