Nils_Petter_Sand_Kantine

Gode søkjartal og ny kantine

Den nye ski- og snøbrett-linja trekker til seg utanbys elevar.

Søkjartalet i år er ganske bra og heile 394 elevar har takka ja til skuleplass hos oss, seier rektor ved Sauda vidaregåande skule, Nils Petter Sand etter at førsteinntaket er unnagjort.

Skuleåret 2013/2014 blir det aller fyrste året ski- og snøbrett-linja er tilgjengeleg ved Sauda vidaregåande skule. Det vil komme elevar frå både Vestlandet og Austlandet. Linja har plass til 15 elevar, men med 14 på vent håpar Sand at alle skal få plass.

Sauda blir den einaste kommunen med dette tilbodet i Rogaland.

Ambulanselinja, som blei opna på Sauda vidaregåande skule for tre år sidan, har vore eit veldig populært og attraktivt studietilbod. For å komma inn på VG 2 ambulansefag må ein gå helsefag eitt år først og ha gode karakterar.

I år var det 45 elevar som søkte på ambulansefag, men dessverre har me bare 15 plassar. For at ein skal ha ein sjanse på å få plass må eleven ha 4,4 eller meir i snitt, for det er inntakskravet, forklarer Nils Petter Sand.

Til hausten kan elevane gleda seg til ei stor, fin og ny kantine.

Ei ny kantine har skulen fortent. Her vil me servera både kald og varm mat, noko som me trur elevane vil setta stor pris på. Me vil òg gjere det slik at dei som bur på hybel kan ta med mat heim slik at dei ikkje alltid et Grandiosa til middag, seier rektoren.

Les meir i papiravisa eller kjøp e-avisa