*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OPPFYLT DRAUM: Pawel Plonka har opna sin eigen bilverkstad i kjellaren på den gamle yrkesskulen i Saudasjøen.

Opna Sauda bilverkstad

Pawel Plonka har etter 12 år i Noreg starta einmannsføretaket Sauda bilverkstad.

For rundt tre veker sidan vart alle søknader og papir på plass, og Statens vegvesen stempla Sauda bilverkstad som godkjend.

Plonka er nøgd med lokalet, ettersom det er i god stand etter å ha vore brukt av Sauda Vaskeri.
– Det einaste er takhøgda som gjer det vanskeleg å heise opp store bilar, seier den nyoppstarta verkstadsdrivaren, med eit håp om ein gong å kunne bygge ein betre egna verkstad.
– Viss det går bra, så klart. Eg kjem til å tilsette ein bilmekanikar til ganske snart, for det vert litt mykje når ein skal skru, ta imot kunder og vere kontormann åleine, opplyser Plonka.  

Den nyoppstarta bedrifta i Saudasjøen er godkjend som bilverkstad 01, noko som betyr at han kan ta seg av alt innan vanleg personbil opp til 3,5 tonn.

– Inntil vidare kan eg ikkje utføre EU-kontroll. Eg har ikkje utstyret til det. Men eg kan ordne alt som har med maskinar å gjere – plenkløpparar, traktorar og båtar. Det kom faktisk nokon og spurde om eg kunne reparere ein hjullastar, seier Pawel Plonka med eit smil.


Les meir i papirutgåva eller last ned e-avisa.