Influensasesongen står for dør. Dei som ønsker vaksine kan møte opp i Saudahallen og få vaksine, utan å måtte bestille time i forkant.
– Me anbefaler alle å ta influensavaksine, også dei som ikkje er i risikogruppe. Det gir god beskyttelse, seier Olivia Obtinario, som er einingsleiar ved Sauda Legesenter.
Men spesielt går anbefalinga til dei som tilhøyrer risikogrupper.
Torsdag 17. oktober er vaksinedagen for dei som har etternamn som begynner på bokstaven A til N. Torsdag 24. oktober er vaksinedagen for dei som har etternamn som begynner på bokstaven O til Å.
Fellesvaksineringa gjeld også dei som ønsker koronavaksine.
– Du kan ta både influensavaksine og koronavaksine samtidig. Me tilbyr ikkje andre vaksiner enn desse to når det er fellesvaksinering, opplyser Obtinario.
Dei som ønsker influensavaksine må betale for vaksinen. Dei som ønsker koronavaksine treng ikkje å betale. Den er gratis.
Her kan du lese: FHI sin anbefalingar for influensavaksine.
Her kan du lese: FHI sin anbefalingar for influensavaksine.