Politi på skulevegen

Torsdag morgon var politiet på skulekontroll ved Risvoll skule.

– Me følger opp med fleire skulekontrollar, lovar lensmann Randi Kalvik, spesielt med tanke på seksåringane som no er på skulevegen.

Kalvik opplyser at politiet ikkje hadde laser med seg denne gongen, men at bilistane roa seg ned då dei såg lovas handhevarar.

– Oftast er det nok at me er til stades, seier lensmannen om effekten på fartsnivået.

Ho legg til at politiet samstundes såg etter om bilistane brukte bilbelte. Det gjorde dei.