*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
REKORDGLADE: Mari Austarheim, Ola Breivik og Ågot F. Grindheim jublar over at Sauda i år sette ny ”personleg rekord” i den landsomfattande tv-aksjonen. (Foto: Ingvil Bakka)

204 662 tv-aksjonskroner frå Sauda

60 000 kroner meir enn i fjor.

– Me er kjempefornøgd. Alt gjekk som smurt. Når me i tillegg fekk inn meir pengar enn i fjor er me ekstra glade. Men kontoen er framleis open, så det er fortsatt muleg å bidra, seier Mari Austarheim, leiar for den lokale gjennomføringa av årets tv-aksjon i Sauda.

Over hundre saudabuar stilte opp som bøsseberarar då tv-aksjonen blei gjennomført sundag ettermiddag. Totalt kom det inn 174 543 kroner på bøssene, medan det kom inn totalt 204 662. Dette gir Sauda eit snitt på 55,79 kroner per innbyggar. På landsbasis ligg snittet på 44,42 kroner. Sauda hamnar med dette på 144. plass blant landets 429 kommunar og på 13. plass blant kommunane i Rogaland.

– Dette er dei foreløpige tala. I tilegg har me fått kollekten frå gudstenesta i Saudasjøen kapell sundag, eit beløp på 5 527 kroner, opplyser Austarheim måndag ettermiddag.

Totalt i Norge blei det sama inn drygt 224 millionar kroner i årets tv-aksjon.