Fremmar ei kvit jul

Mange ønsker seg ei kvit jul. Og då tenker dei ikkje berre på snødekka vidder.

«Alle barn har rett til en HVIT JUL», er overskrifta på ein haldningskampanje Juba, Juvente og IOGT køyrer i desse førjulsdagane.

Kampanjen går ut på å få flest muleg til å skriva under på ein lovnad om å ikkje drikka alkohol i perioden 24. til 26. desember, frå og med julaftan til og med andre juledag.

– Det er ikkje snakk om å avgi eit avhaldsløfte for heile året, men å avstå frå å drikka alkohol på desse juledagane, forklarer Mari Austarheim ved Sauda Frivilligsentral IOGT.

Austarheim fortel at interesserte kan koma innom sentralen for å få informasjon om kampanjen. Dei som ønsker, kan då også skriva under på løftet om ei kvit jul. Underskriftene vert så sendt inn til dei tre arrangørane, som tel kor mange som har avgitt løftet. Etterpå vert underskriftene makulert.