*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VIL HA ETNEVEG: Ordførar Frode Sulen (biletet), Eirik Birkeland (Senterpartiet) og Inge Løyning (Sauda Vekst) har hatt møte med representantar frå Etne. Saman blei dei einige om å be politikarane om å finna lønsmidlar til å tilsetta ein person som kan jobba for veg- og tunnelprosjektet på halvtid. (Foto: Ingvil Bakka)

Ønsker å tilsetta Etneveg-lobbyist

Planen er å betala ein person for å jobba for vegprosjektet.

– Eg og Etne-ordførar Sigve Sørheim vil be rådmennene våre om å førebu ei sak der formannskapa sluttar seg til å få dette på plass til 1. januar 2015, seier ordførar Frode Sulen.

Sauda og Etne jobbar saman for å få realisert ein veg- og tunnelløysing mellom dei to nabokommunane. Prosjektet, som bare for nokre år sidan låg an til å kosta rundt 400 millionar kroner, er nå er så langt kostnadsrekna til nær ein milliard kroner, ifølge Statens vegvesen. Nå kan det bli aktuelt å tilsetta ein person i prosjektet, og planen er at vedkommande skal jobba i ei halv stilling med å promotera og jobba for å få realisert prosjektet.

Sulen håpar at rådmennene og formannskapa i dei to kommunane kan finna pengar til å løna ein slik person i neste års budsjett. Kvar kommune er tiltenkt å bidra med rundt 200 000 kroner i lønsmidlar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her