Frank Aarebrot
HELD FØREDRAG: Frank Aarebrot kjem kommande torsdag til Sauda for å snakke om lokal industri og arbeiderhistorie. (Foto: Jarle Vines)

Spår lågare valdeltaking

Men valforskar Frank Aarebrot trur færre parti kan gi velgarane meir makt.

– Viss saudabuen bare har tre parti å velga mellom ved valet neste haust opnar det for at velgarane får meir innflytelse på kven som blir valt til ordførar. Ein slepper såkalla ”hestehandlar” der taparane etter eit val går saman og forhandlar seg fram i posisjon, forklarer Frank Aarebrot, valforskar, statsvitar og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Det er spennande tider i det politiske Sauda. I inneverande periode er sju parti representert i Sauda kommunestyre. Nå signaliserer både Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti at dei slit alvorleg med rekrutteringa og partia er skeptiske til om dei i det heile tatt klarer å stilla liste ved kommunevalet neste haust. Klarer ingen av desse partia få til ei valliste står Sauda igjen med tre parti; Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet.

– Dei tre store kommunepartia i Norge, fastslår Aarebrot, ikkje særleg overraska.

Ifølge Aarebrot er ikkje dei politiske partia i Sauda åleine om å slita med rekrutteringa. Også andre kommunar slit med å rekruttera folk til politiske verv. Han trur at eit endra familiemønster her speler ei stor rolle, spesielt i små kommunar som Sauda.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her