Ein saudamann i slutten av 40-åra er dømt for brot på våpenforskrifta etter at politiet fann ein armbrøst på veggen heime hos mannen.
Ein saudamann i slutten av 40-åra er dømt for brot på våpenforskrifta etter at politiet fann ein armbrøst på veggen heime hos mannen. FOTO: Ingvil Bakka

Fekk konkurskarantene

Førte ikkje rekneskap i tråd med lova.

Haugaland tingrett har ilagt ein saudamann to års konkurskarantene, etter at firmaet hans blei slått konkurs i fjor sommar. Bustyraren føreslo i sin sluttinnberetning at saudamannen, som var både dagleg leiar og styreleiar i selskapet, skulle få konkurskarantene.

Saudamannen hadde frist til 17. desember på å uttala seg om dette, noko han valde å ikkje gjera. Ifølge bokettersynrapporten har selskapet til saudamannen brote plikta til å bokføra og innrapportera overføringar/uttak frå selskapet, unnlate å berekna og føreta forskotstrekk, disponert forskotstrekkmidlar lovstridig, og unngått å berekna og føreta utleggstrekk.

Mannen har innrømma at han har gjort direkteuttak frå selskapet sine kontoar for å finansiera eige forbruk. Vedkommande har også tidlegare vore involvert i eit selskap som har gått konkurs. Med ein konkurskarantene kan ein ikkje stifta aksjeselskap, forretningsavdeling av utanlands aksjeselskap, næringsdrivande stiftelse, bustadbyggelag, burettslag og samvirkelag, eller påta seg eller reelt utøva nye verv som medlem eller varamedlem av styrer eller som administrerande direktør i slike selskap.

Karantenen varer til 18. desember 2021.