Risvoll skule
FORMANNSKAPET: Stort fleirtal for å behalde Risvoll skule.

Førebur budsjettkutt

Rådmannen varslar kutt på mellom åtte og ti millionar kroner i budsjettet for 2015. Skule- og barnehagestrukturen er under lupa og talet på stillingar må ned.

Rådmann Wictor Juul tek sikte på å legga fram sitt forslag til kommunebudsjett for 2015 tysdag 11. november. Alt nå er det klart at det vert eit forslag med harde prioriteringar.

– Internt i administrasjonen har eg signalisert at me må redusera budsjettet med mellom åtte og ti millionar kroner, stadfestar Juul.

Rådmannen presiser at ingen avgjerder er teke om 2015-budsjettet. Alt er framleis på diskusjons- og forslagsstadiet. Men på direkte spørsmål frå Ryfylke opplyser han at framtida for Risvoll skule er mellom spørsmåla som er sett på, samstundes som han er klar over planane for bustadutviking som finst i Saudasjøen. Også barnehagane er sett på.

– Eit punkt me ser på er å ha berre eitt barnehageopptak, no har Sauda kommune rullerande opptak, opplyser han.

Det vil, om det vert ein realitet, seia at når på året barnet vert fødd avgjer når ein kan få plass i barnehagen.

Juul stadfestar vidare at barnehagestrukturen er under lupa. Her er framtida for Veslefrikk barnehage eit sentralt punkt. Spørsmåla er om ein skal bygga på Leabøen og Rustå og utvida arealet for Brakamoen, eller om ein skal bygga ein ny barnehage i området ved Torsveien/hestesportsbanen. Det siste alternativet vil tyda at Veslefrikk vert lagt ned.

– I løpet av nokre veker vil me konkludera med kva me føreslår. Me er nøydd til å sikra ei meir nøktern drift over tid, og då må det vera noko poeng i det me gjer framlegg om, viser Wictor Juul til.

Hovudårsaka til den varsla innstramminga er sviktande skatteinntekter. Slik utsiktene er i dag, reknar rådmannen med at budsjettåret 2014 vil gå ut med ein svikt i skatteinngangen på opp mot fem millionar kroner. Per andre kvartal er svikten på 3,2 millionar kroner.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her