Stine Skrunes har takka ja til stillinga som samfunnsutviklar i Sauda kommune. Her frå eit tidlegare intervju med Ryfylke i rolla som leiar for sykkelsatsinga i Sauda.
Stine Skrunes har takka ja til stillinga som samfunnsutviklar i Sauda kommune. Her frå eit tidlegare intervju med Ryfylke i rolla som leiar for sykkelsatsinga i Sauda. FOTO: Knut Atle Seim

Stine Skrunes blir samfunnsutviklar

Etter to år som leiar for sykkelsatsinga i Sauda kommune, tar Stine Skrunes fatt på sin nye jobb som samfunnsutviklar for same arbeidsgivar.

– Det har vore lærerikt og kjekt å jobbe med sykkelsatsing og andre prosjekt dei siste åra, og eg vil gjerne halde fram med å vere ein del av arbeidet med å utvikle Sauda til ein endå betre plass å bu. Eg forventar innhaldsrike og spennande arbeidsdagar framover, seier Stine Skrunes til Ryfylke.

Ho har fått tilbodet om – og takka ja til stillinga som samfunnsutviklar i Sauda kommune. Ho blir dermed ein del av teamet som er leia av kommunalsjef næring og samfunn, Eirik Daniel Fatnes. Han er ikkje i tvil om at Skrunes er rett kvinne for jobben.

– Vi kjenner godt til hennar kvalitetar og kompetanse. Ho har både erfaring og topp relevant utdanning til dette arbeidet. Vi vil ha eit sterkt, tverrfagleg team, og det er veldig bra for Sauda kommune, seier Fatnes.

Fleire godt kvalifiserte

Skrunes fortel til Ryfylke at stillinga som samfunnsutviklar tikkar av på fleire boksar for ein jobb som motiverer ho ekstra mykje.

– Det er motiverande å jobbe med prosjekt som ein ser direkte konsekvensar av i nærmiljøet rundt seg. Stillinga inneheld mange spennande oppgåver, med både vidare oppfølging av sykkelsatsing, andre stadsutviklingsprosjekt, samt klima og bêrekraft som er viktige tema eg er opptatt av, seier ho.

Kommunalsjef Fatnes opplyser at stillinga som samfunnsutviklar trekte fleire svært godt kvalifiserte søkarar.

– Stine har vist at ho har veldig god kompetanse, og i stillinga ho har hatt, har ho gjort ein svært god jobb både med tanke på fysiske prosjekt i kommunen, men også med haldningsskapande arbeid. Vi er veldig godt fornøgde med at ho ønska denne jobben, seier han.