Bønder i byn inntar sentrum for femte året på rad.

Ask Stueland var blant dei mange som helsa på dyra som blei vist fram i sentrum under fjorårets Bønder i byn-arrangement. Arkivfoto: Ingvil Bakka.

Bondefest for femte gong

Bønder i byn inntar sentrum for femte året på rad.

av Even Emberland

På laurdag går den lokale handelsstanden saman med bøndene i Sauda om arrangementet «Bønder i byn».

Det er femte året på rad at arrangementet finn stad i hjartet av sentrum i Sauda. Igjen blir Rådhusplassen og sentrumsgatene fylt med gardsdyr og ei rekke ulike tilbod.

Kårar vêrlam
Det kjem til å kry av folk, dyr, salsboder og aktivitetar for barn og ungar. I tillegg skal dei beste vêrlamma kårast i ulike kategoriar.

– For oss er det kåringane som er det viktigaste. Me bygger arrangementet rundt det. Avlsarbeidet er utruleg viktig, og for oss er det viktig å få fram dei beste avlsdyra, seier Dagfinn Birkeland, bonde og leiar i Sauda Sau og Geit.

– Så synest me jo òg at det er kolossalt kjekt at me kan fremme den fantastiske næringa me har, og jobbe for å skape forståing blant folk og unge om korleis ting og tang heng saman. I Norge generelt verkar det stadig å bli meir og meir framand for ungar og dei som veks opp i dag korleis landbruket, dyr, mat og dei tinga heng saman. Nå er det ikkje sånn i Sauda, men å vise fram kor det kjem frå og gi ungar nærkontakt med dyra, trur eg er utruleg viktig, forklarer Birkeland.

– Har blitt vellukka
Arrangementskomitéen består av Nina Havreberg, Cecilie Birkeland, Bente Rasmussen, Aud Hege Jørgensen Hebnes, Eline Herheim, Yvonne Herheim og Gerd Olaug Garstad.

– Vår intensjon er at folk skal få gå rundt i sentrum og kose seg, sjå på det dei vil sjå på og vere med på det som kan freiste av aktivitetar, utan at det er eit voldsomt program rundt det. Det er veldig kjekt å jobbe med arrangementet, for me har sett at det har blitt vellukka, og folk kosar seg. Eg synest arrangementet er eit godt døme på kva ein kan få til når ein samarbeider på tvers av kvarandre. Me jobbar bra og får veldig god hjelp av både bøndene og Sauda Vekst, forklarer Hebnes.

Trygg oppskrift
Arrangementet følger i all hovudsak suksessoppskrifta frå tidlegare år med marknadsstemning i sentrum på dagtid og konsert, i år med det unge rockabillybandet Vossarebels, på Sjøen 12 på kvelden. Det blir òg felles frukost i Saudahallen for hyttefolket, kor også Sauda Sentrumsutvikling vil vere til stades.

Arrangementskomitéen har også eit par nyvinningar for året.

– Det blir bondelotteri med trekning omtrent midt på dagen. Det er ikkje inngangspengar, og det ønsker me ikkje heller, men me ser at utgiftene aukar i takt med størrelsen på arrangementet. Me håper at folk har lyst til å støtte oss gjennom å kjøpe lodd. Bøndene har gitt fantastiske premiar til det opplegget. I tillegg blir det kokkelering for ungar som ein ny aktivitet. Der blir det påmelding, og dei som blir med skal lage mat saman med ein kokk og bruke bålpanne.