Ordførar Asbjørn Birkeland etterlyser handlekraft hos Statens vegvesen. Sauda går ein ny vinter i møte med fare for å bli isolert.

I fjor måtte vegen stengast ved Svandalsfossen på grunn av flaum tre gonger i løpet av éin månad på seinhausten og i desember. I helga var fossen så stor at det blei kalla ut mannskapar for å rettleia bilistane. Foto: Knut Atle M. Seim.

Ingenting har skjedd i Svandalsfossen

Ordførar Asbjørn Birkeland etterlyser handlekraft hos Statens vegvesen. Sauda går ein ny vinter i møte med fare for å bli isolert.

av Even Emberland

I fjor blei Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen stengt for trafikk grunna flaum 23. november, 7. desember og 23. desember. I tillegg var det manuell dirigering på staden 3. oktober.

Både lokalpolitikarar og kommuneadministrasjonen i Sauda har jobba i fleire år for å sikre ei løysing som minimerer faren for stengt veg ved høg vassføring i Svandalsfossen. Arbeidet har foreløpig ikkje gitt resultat.

I vår skreiv Ryfylke at ulike tiltak endeleg var på trappene. Statens vegvesen opplyste at dei skulle gå i gang med å fjerne muren som hindrar vatnet å renne ned i Sagelva og rydde og reinske i elveløpet til Sagelva. Det blei vurdert å vere kortsiktige tiltak for å redusere vassføringa i fossen, særleg med tanke på inneverande hausten og flaumfaren.

Statens vegvesen opplyser nå at ingen av dei planlagde kortsiktige tiltaka er gjennomført.

–  Me har sete det litt på vent. Nå vil me ikkje begynne å grave oppi fossen, for det viser seg at det er utfordringar med utgliding av massar og liknande om me tar tak i det for å rydde og reinske, seier Ivar Thorkildsen, seksjonssjef i Statens vegvesen i Haugesund.

– Når dei tiltaka ikkje er gjort, har de gjort andre mindre tiltak for å redusere faren for flaum?

– Det er ikkje gjort tiltak i det heile tatt for å redusere fossen. Me jobbar framleis med alle alternativa som kjem opp. Jo meir me jobbar oss inn i det, jo meir utfordrande ser me at det blir å få det til.

– Kjem de til å gjere noko nå i haust for å redusere faren for flaum?

– Det er tvilsamt at me rekker å gjere noko før vinteren. Me må bare legge opp til at systema med manuell dirigering fungerer når det blir behov for dei, svarer Thorkildsen.

 

Saknar handlekraft
Dermed ser Sauda ut til å gå endå ein seinhaust og vinter i møte med overhengande fare for å bli isolert. Vinterstid er Fylkesveg 520 langs Saudafjorden einaste innfartsåre på land. Er det i tillegg is på fjorden går ikkje hurtigbåten inn til Sauda, og Sauda blir heilt isolert.

Ordførar Asbjørn Birkeland er oppgitt og frustrert over situasjonen, og at Sauda går november i møte utan at noko er gjort samanlikna med i fjor, då vegen blei stengt tre gonger på éin månad frå og med 23. november.

– Eg synest Vegvesenet viser veldig lite handlekraft i denne saka. Det var positivt at dei i vår gjekk ut og lova at dei skulle gjere kortsiktige tiltak. Det er klart at då dei sa at dei skulle gjere noko, så forventa me at dei skulle gjere det. Då er det veldig skuffande at ingenting er gjort , seier Birkeland.

– Kva synest du om at Sauda går ein ny flaumsesong i møte utan at noko er gjort?

– Det er trist. Eg tenker at det kunne vore fint mogleg å gjere andre kortsiktige tiltak enn dei som blei varsla i vår, til dømes med belysning og ei form for ein midtdelar.

 

Pressar på
På fredag skal Sauda kommune, både ved ordføraren og administrasjonen, Rogaland fylkeskommune ved samferdselspolitikarar og administrasjonen, fredag representert ved Statens vegvesen, og NVE ha eit møte i Sauda. Møtet er initiert av den politiske leiinga i Rogaland fylkeskommune og i Sauda.

Der er Svandalsfossen og moglege løysingar på det tilbakevendande flaumproblemet på agendaen.

Større inngrep i Svandalsfossen for å redusere flaumfaren vil ifølge Thorkildsen vere konsesjonspliktige. Difor peikar han på NVE som ein nøkkel i puslespelet rundt Svandalsfossen.

– For oss blir det eit viktig møte. Me treng bistand og hjelp frå NVE og andre rundt det som går på vassdrag og liknande. Me vil starte dialog med NVE om moglegheitene for å søke konsesjon for ulike typar tiltak, seier Thorkildsen.

Ordførar Birkeland har ingen planar om å gi opp saka. Tvert imot, den treige saksgangen gjer han sikker på at det er desto viktigare at han og kommuneadministrasjonen stadig jobbar med ho.

– Me må bare fortsette å presse på for at det skal bli gjort noko. Me ser at Sauda er langt frå å bli prioritert av fylkeskommunen. Det gjer det viktig å stå på, purre på dei og presse på, seier Birkeland.

Arne Bergsvåg, leiar av samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune, gjorde det i vinter klart overfor Statens vegvesen at dei ønsker å løyse flaumutfordringane ved Svandalsfossen og gjere tiltak som sikrar at fylkesvegen ikkje blir stengt ved høg vassføring.