Aud Hersvik Gya kjenner til fabrikkflammar i fleire variantar. Sjølv kastar ho ein liten brannfakkel inn i diskusjonen om at «alle» skal og må jobbe i fulle stillingar.

Vekas portrett: Flytta frå flamme til flamme

Aud Hersvik Gya kjenner til fabrikkflammar i fleire variantar. Sjølv kastar ho ein liten brannfakkel inn i diskusjonen om at «alle» skal og må jobbe i fulle stillingar.

av Even Emberland

Portrettet:

Namn: Aud Hersvik Gya.

Alder: 55 år.

Yrke: Sjukepleiar ved Sauda Distriktsmedisinske Senter.

Favorittmat: Krabbe.

Best på TV: Det er mykje forskjelleg. Eg liker godt franske filmar, og interiør- og husprogram.

Ungdomsidol: Eg kjem ikkje på nokon, eg trur ikkje eg hadde nokon.

Favorittpolitikar: Eg vil seie Knut Arild Hareide. Eg synest han var modig då KrF skulle ta valet om å gå til høgre eller venstre.

Fjord eller fjell: Eg seier ja takk, begge delar.

Livsmotto: At du skal elske din neste som deg sjølv. I tillegg er det viktig for meg å nyte augneblinka og vere glad i det ein har og får gjere kvar dag.

To ting du ikkje klarer deg utan: Familien, sjølvsagt. Den andre tingen er vel kanskje mobilen, eg treng jo den.

Kva lag/foreining ville du gitt 100 000 kroner til: Eg har lyst til å seie NMS. Dei har mykje godt arbeid som gjer ein forskjell for folk, både i inn- og utland.

Ho kom til Sauda i 2013. Mannen Espen fekk jobb som sokneprest i bygda, og familien pakka flyttelasset i Kvinesdal, kor Aud Hersvik Gya vaks opp i ein familie på fem, med to søstrer.

Å flytte frå Kvinesdal for seks år sidan var i utgangspunktet ein fjern tanke for Aud. Ho stortreivst som sjukepleiar ved sjukehuset i Flekkefjord, og dei hadde funne seg godt til rette etter rundt sju år på Sørlandet, der elva Kvina deler staden i to og munnar ut i Fedafjorden, og vidare til det store hav.

Sjukepleiaren Aud skulle gjerne ha halde fram på sjukehuset i Flekkefjord.

– Det var ikkje heilt lett å flytte. Det sat langt inne å slutte på sjukehuset. Då me snakka om det første gong, tenkte eg «Sauda, kva er det?». Eg hadde vore her éin gong før, då me budde i Haugesund og køyrde inn. Eg såg bare for meg at me køyrde og køyrde, men at eg følte at me aldri kom fram, at det var langt inni fjorden, seier Aud og humrar.

Samtidig såg ho at fleire av faktorane som gjorde at ho treivst godt på Sørlandet, også var til stades i Sauda. Ein storby freista ikkje igjen, for Aud trivst helst best på mindre stadar, kor ho synest det er enklare å komme i kontakt og bli kjent med folk, i nabolaget, blant arbeidskollegaer og i frivillig arbeid.

– Så er det jo veldig heimsleg her med flammen frå fabrikken. Den var lik i Kvinesdal, og me ser bort på den herfrå, på cirka same avstand som det var heime i oppveksten, seier Aud og ler i prestebustaden på Fløgstad, og snur hovudet i retning Eramet sitt smelteverk.

Ved Eramet sin fabrikkflamme i Kvinesdal gjekk Aud grunnskulen i heimbygda, før ho gjekk på vidaregåande skule i Flekkefjord, 20 minutt frå heimen. I nærområdet hennar myldra det av ungar, og dei var drygt 20 elevar i klassen på barneskulen, som blei lagt ned for ti år sidan.

– Eg hadde ein fin oppvekst. Me var mange venner og venninner som gjorde mykje saman. Det var ikkje så mykje organisert idrett, men heller meir uorganisert idrett, leik og aktivitetar. Så var det jo sommarturane med kombicampen til besteforeldra. Dei var alltid spanande, for kom me til eit vegkryss, så blei avgjerda tatt der og då om me skulle den eine eller den andre vegen. Me var rundt forbi i Norge og i Danmark og hadde det veldig kjekt. Det er mange gode minne frå dei turane, sjølv om det kunne bli trongt òg, seier Aud og ler.

Etter den vidaregåande skulen, reiste ho til Stjørdal for å gå på bibelskule som Det Norske Misjonsselskap stod bak. Det var eit år som trigga Aud, og det påfølgande året jobba ho som eittåring for NMS i Stavanger, kor ho jobba mykje med barne- og ungdomsarbeid, gjorde sekretæroppgåver og administrativt arbeid, og hjelpte til på ulike leirar og samlingar. På éin av leirane trefte ho sin framtidige ektemann Espen, som også var med som leirleiar.

Aud blei verande i Stavanger for å ta den treårige sjukepleieutdanninga.

– Eg visste vel eigentleg ikkje heilt kva eg hadde lyst til å studere, men eg tenkte at det stod mellom sjukepleien og lærarstudiar. Eg syntest det var utruleg kjekt med ungar, men det var noko eg tenkte at heller kunne vere utanom jobb. Eg hadde også ein draum og eit håp om å reise til Afrika og jobbe der, og då tenkte eg at det å vere sjukepleiar var praktisk.

Sommaren 1989 gifta ho og Espen seg, og ho tok eitt år ved Misjonshøgskolen i Stavanger for personar som ønska å reisa ut som misjonærar, men som ikkje hadde teologisk bakgrunn. Både Aud og Espen ønska å reise ut, men i juni 1990 mista dei sitt første barn i dødfødsel.

Det gjorde at dei landa på å bu vidare i Norge, før dei i 1993 reiste til Paris som ein familie på tre, med dottera Ragnhild. Seinare fekk dei sønene Magnar og Torstein. Dei reiste til Paris for å studere fransk med tanke på at dei ville vidare til Afrika, men undervegs i Paris blei det bestemt at dei skulle arbeide vidare i den franske hovudstaden.

– Korleis var det å reise til Paris og ikkje til Afrika, som du lenge hadde vore innstilt på?

– Det var ikkje heilt greitt. Det var litt tøft, men me ville prøve. Eg syntest det var vanskeleg å få eit miljø og bli kjent med folk. Det var annleis enn her i Norge. Til dømes var det ingen som sleppte ungane ut aleine, og folk flest jobba til utpå kvelden med ein god pause midt på dagen. Eg syntest det var litt krevjande å knyte kontaktar og vennskap, forklarer Aud.

– Samtidig var det mykje som var kjekt og givande. Me fekk god kontakt med mange innvandrarar, og eg syntest det var kjekt å jobbe med barnegrupper i innvandrarstrøket i Goutte d’Or. I området Espen jobba som prest i var det mange iinnvandrarar, og me blei godt kjent med fleire av dei.

I 1999 reiste dei heimatt til Norge og Haugesund. Igjen trykka dei «restart»-knappen i nye omgivnadar, nytt nabolag, ny arbeidsplass og kollegaer, og nye vennskap. Dei blei i sildabyen til 2006, då det bar tilbake til start, iallfall for Aud, og Kvinesdal.

Sju år seinare flytta dei for foreløpig siste gong. Espen hadde jobba som trusopplærar og ungdomsdiakon i Kvinesdal, men ønska jobbe som prest igjen. Difor søkte han og fekk jobben i Sauda, og familien pakka flyttelasset.

Med bustadadresse Fløgstad har ikkje Aud planar om å flytte igjen. Iallfall ikkje med det første.

– Nei, eg trivst her, og me har ingen planar om å bu ein annan plass. Men det er klart, alle ungane bur i Bergen, så kanskje blir det meir aktuelt når me blir eldre, kanskje pensjonistar, om dei blir verande der. Nå freistar det iallfall ikkje. Me har kjøpt huset, og eg har knytt meg til plassen, miljøa, venner og nabolaget.

Då Aud sa takk for seg i arbeidskollegiet ved Flekkefjord sjukehus, venta ei stilling på 55 prosent som sjukepleiar i Sauda. Frå 1. mars i år har ho jobba 80 prosent, medan ho på vegen har variert stillingsprosenten. I samband med at ho frå 1. mars fekk 80 prosent, blei ho også tilbode ei full stilling, i takt med Sauda kommune satsing på å skape ein heiltidskultur i helse- og omsorgssektoren. Aud takka nei.

– Dette er vel ein liten brannfakkel. Sjølvsagt er det viktig å legge til rette for fulle stillingar. Eg synest definitivt at dei som vil og kan jobbe 100 prosent skal få tilbod om det. Samtidig meiner eg det er viktig å ikkje sette alle i same bås. Det må vere rom for å jobbe mindre. Du kan seie at det er eit luksusproblem, men eg tenker vel så mykje at det er eit val og ei prioritering. For min del synest eg 80 prosent er riktig. Då får eg tid til meir anna, både frivillig arbeid og generelt. For meg kjennest det riktigare ut enn å jobbe 100 prosent. Eg vil rett og slett prioritere andre ting, og då er eg heldig som kan legge opp kvardagen og livet etter det, utdjupar ho, og forklarer vidare:

– Det kan vere mange gode grunnar for å jobbe litt redusert. Det kan vere ungar, familiesituasjon, engasjement i andre ting og organisasjonar. Ser ein nasjonalt på det, så er frivillig arbeid noko me set høgt i Norge, og noko som er avgjerande for at lokalsamfunn og lag og foreiningar skal ha gode tilbod. Om ein tvingar alle inn i fulle stillingar, så trur eg frivillig-Norge hadde stoppa opp samanlikna med i dag. Det hadde rett og slett ikkje vore tid og krefter til å jobbe med det og i eit slik omfang som ein ser overalt i Norge i dag.

Blant det som krev av tida til Aud om dagen, er den sju månader gamle kvalpen Fenris. I fjor haust døydde hunden deira Lexie, som var eit kjært familiemedlem, turkamerat og følgesvenn.

– Det er jo kjekt med hund, så me fann fort ut at me måtte ha det. Det er jo nokon år sidan Lexie var kvalp, og eg hugsar ikkje at det var så mykje styr, men Fenris kunne vere litt intens i startfasen, seier Aud og ler.

– For nokre månader sidan var det travelt, det var nesten som å ha ein baby. Du passa på og hadde alltid eit auge for kva han fann på og kva han var borti. Då han sovnar i stua om kvelden, så var det om å gjere å sitte stille for å ikkje vekke han. Då kunne me puste ut litt. Nå går det greitt, sjølv om han jo er ein aktiv krabat, smiler ho.

Når Aud skal puste ut, slenger ho gjerne beina på bordet og lar kvilepulsen komme over ho.

– Eg vil vel seie at eg er sosial, men det er ikkje sånn at eg må ut på noko heile tida. Når kvelden kjem, kan eg kjenne på at det er veldig godt å slenge beina på bordet og bare ta livet heilt med ro. Då koplar eg ut og gløymer det som har vore av styr og stress.