Magrete Løvbrekke gjekk heile vegen i Ladies Event onsdag kveld.

Magrete Løvbrekke vann onsdag «Ladies Event» under norgesmeisterskapet i poker. Her jublar ho saman med sambuar Mads Åmot, som sprang frå bordet han sjølv sat og spelte på for å vere med på sigersbildet. Foto: Tomas Stacha, Poker.no.

Tok NM-tittel i poker

Magrete Løvbrekke gjekk heile vegen i Ladies Event onsdag kveld.

av Even Emberland

Norgesmeisterskapet i poker blir denne veka arrangert i Dublin. Meisterskapet består av fleire øvingar, med hovudturneringa «Main Event» som den mest prestisjefylte, som blir avslutta søndag. Onsdag kveld blei «Ladies Event» avgjort, med Magrete Løvbrekke i ei av hovudrollene.

Løvbrekke gjekk heilt til topps i den to dagar lange turneringa som registrerte deltakarrekord med 137 kvinnelege spelarar.

Variert taktikk

Dermed kan ho smykke seg med tittelen som både norgesmeister og Norges beste pokerdame, slik Poker.no titulerer ho etter sigeren.

– Det klinger bra, det! seier ho til nettstaden.

– Kva betyr det for deg å ha like mange titlar som ein viss Mads Åmot?

– Det betyr veldig mykje. Nå får eg slutt på den skrytinga, ler Løvbrekke.

– Kva spelestil køyrde du på vegen til tittelen?

– Eg venta på spottar, men eg var aggressiv nokre gonger, og stram nokre gonger. Så litt av kvart, seier Løvbrekke til Poker.no sin Roy Kvatningen, som også intervjua ho i TV 2 si sending frå norgesmeisterskapet.

Ryfylke fekk ikkje kontakt med Løvbrekke torsdag føremiddag.

– Fantastisk!

Mads Åmot er Løvbrekke sin sambuar. Dei flytta til Sauda i 2015. Åmot er pokerspelar av yrke og har i mange år vore del av norgeseliten. Han blei norgesmeister i 2010.

Under årets NM deltar dei i fleire av øvingane. Då Løvbrekke spelte for norgesmeistertittelen, spelte Åmot sjølv i ei anna turnering. Poker.no fortel om ein sambuar som sprang fram og tilbake mellom bordet han sjølv spelte på og bordet kor Løvbrekke spelte for norgesmeistertittelen.

– Dette er fantastisk! Det er litt synd at eg ikkje får sett på, men eg prøver å følge med, sa Åmot undervegs til nettstaden.

Til saman er det seks turneringer det blir kåra ein norgesmeister i denne veka, med «Main Event» som det naturlege høgdepunktet kommande søndag.

Kvar dag av meisterskapet blir sendt direkte på TV 2 Sumo og på TV 2 Sport.