Området ved Fylkesvei 520 og Haakonsgaten har lenge skapt trafikale utfordringar. Nå håper kommunen på grønt lys til å starte utbetringsarbeid.

Sauda kommune og teknisk eining vil utbetre krysset og området kor Haakonsgaten og Fylkesvei 520 møtest for minst 2,5 millionar kroner. Foto: Even Emberland.

Vil bruke minst 2,5 millionar på å utbetre krysset

Området ved Fylkesvei 520 og Haakonsgaten har lenge skapt trafikale utfordringar. Nå håper kommunen på grønt lys til å starte utbetringsarbeid.

av Even Emberland

Status på diverse vegprosjekt i Sauda

Fylkesvei 714, fortau Solbrekk/Brekke
Sauda kommune har fått tilsegn på trafikksikkerheitsmidlar. Statens vegvesen har tatt på seg prosjektleiinga og er i gang med å lage anslag for prosjektet og bestille oppdraget internt.

Usikkert når prosjektet kan starte opp. Det er mogleg Sauda kommune må søke om vidareføring av TS-midlar.


Fylkesvei 520, Grønsdalskrysset/Amdalsvegen
Sauda kommune er i gang med innløysing av eigedom. Vegvesenet skal starte opp eit planprosjekt her knytt til gang- og sykkelveg langs fylkesvegen og gjennom Nestunnelen.

Det vil vere naturleg at Amdalskrysset blir tatt med i det planarbeidet. Statens vegvesen skal bestille reguleringsplan for prosjektet i løpet av våren. Det er likevel ei tutfordrande prosjekt, og planprosessen vil kunne ta tid.


Fylkesvei 520, Saudasjøen-Sauda
Det er søkt om fråvik for planen. Revidert planforslag blir sendt til Sauda kommune i mai. Etter at planen er vedtatt, reknar Vegvesenet med at det går eitt år til byggeplan og grunnerverv før byggestart.


Fylkesvei 711, Gang- og sykkelbru Svandal – Sauda Skisenter.
Prosjektet blir bestilt i desse dagar. Sauda kommune ønsker å legge vatn- og avløpsrøyr i brua om mogleg.


Fylkesvei 520, Miljøgate Sauda sentrum
Prosjektet skal bestillast innan sommarferien, opplyser Statens vegvesen.


Fylkesvei 714, Fortau Austarheimsvegen-Gunnarsmoen
Prosjektet skal bestillast innan sommarferien, opplyser Statens vegvesen.


Fylkesvei 718, Omklassifisering av kommunal veg til fylkesveg – Vangnes
Det er sett som rekkefølgekrav i reguleringsplan for Vangnes at vedtaket om omklassifisering av Fylkesvei 718 og kommunalvei 1850 først trer i kraft etter at tiltak på ny fylkesveg (dagens kommunalvei 1850) er realisert i samsvar med pågåande reguleringsarbeid for området.


Fylkesvei 520, Fortau Gausvik-Saua
Prosjektet ligg i handlingsprogrammet for fylkesvegnettet med midlar i 2022. Sauda kommune ønsker at prosjektet skal bli prioritert, og at byggestart blir sikra i løpet av 2022. Vegvesen kjem til å bestille planen i 2020.

Prosjektet er eit gang- og sykkelveg-tiltak, men opnar opp for breiddeutviding av fylkesvegen.


Fylkesvei 520, Kryss Fiveland
I kommuneplan for Sauda som er på høyring er det lagt til rette for meir hytteutbygging i området. Sauda kommune meiner at krysset er trafikkfarleg. Krysset er mellom fylkesveg og kommunal veg. Vegvesenet meiner Sauda kommune må prioritere krysset i kommunen sin TS-plan om dei meiner krysset er farleg.

(Kjelde: Statens vegvesen)

 

 

Teknisk eining i Sauda kommune søkte om og fekk tidlegare trafikksikkerheitsmidlar (TS-midlar) av Rogaland fylkeskommune for å lage rundkøyring i krysset ved Fylkesvei 520 og Haakonsgaten. Sauda fekk 2,5 millionar kroner i TS-midlar, og teknisk eining har presentert fleire løysingsforslag som inkluderer ei rundkøyring.

Statens vegvesen tilrår kommunen at ei eventuell rundkøyring bør vere minst 40 meter i ytre diameter og fortrinnsvis tre armar. Dermed vurderer teknisk eining det som umogleg å løyse dei trafikale utfordringane i området for 2,5 millionar kroner.

– Med minst 40 meter i ytre diameter på rundkøyringa, så snakkar me om eit heilt anna prosjekt. Då kjem ein fort i konflikt med området til idrettsanlegget og vernesona nær Andedammen. Då blir det ei heilt anna sak med mykje større kostnader. Difor søkte me om å omdisponere TS-midlane, for me ønsker framleis å utbetre krysset og området. Men istadenfor å lage ei rundkøyring, ser me på andre løysingar, seier Øyvind Ljung ved teknisk eining i Sauda kommune.

Får bruke 2,5 millionar

Ljung opplyser at dei har fått grønt lys av saksbehandlaren i fylkeskommunen til å omdisponerer pengane.

– Det me ønsker å gjere er å fjerne parkeringsplassen ned mot Tangen. Me vil utvide parkeringsplassen opp mot klubbhuset til Sauda jeger og fiskeforening og lage ei mykje betre og meir oversiktleg innkøyring til den parkeringsplassen. Målet er at det skal gjere det lettare å køyre inn med store køyretøy og sleppe av og plukke opp ungar som har aktivitetar på idrettsanlegget og liknande. Me vil også sette opp betre belysning og legge til rette for mjuke trafikantar. Det viktigaste for oss er å trygge området for ungar som skal opp og ned til idrettsanlegget. Det er vår prioritet, forklarer Ljung.

– Korleis prioriterer teknisk dette prosjektet? Kan de bruke pengar frå eige budsjett?

– Me har ikkje sett av økonomiske midlar anna enn at me har forskotert beløpet me får som TS-midlar. Foreløpig vil me bruke tid til å utarbeide prosjektet og prosjektoppfølging. Om prosjektet blir meir kostbart enn forventa, kan det bli aktuelt å omprioritere midlar til dette. Det er også mogleg at me vil gjere noko VA-arbeid i krysset, slik at me slepp å grave opp igjen om fem år. Me prioriterer det slik at om me får grønt lys av Vegvesenet, så er me klare til å hente inn anbod på heile prosjektet og sette i gang.

Vegvesenet avgjer

Teknisk eining skal i løpet av mai på synfaring saman med Vegvesenet om deira alternative løysing og omdisponeringa av TS-midlane, som gjer at krysset og området blir tryggare for mjuke trafikantar, utan at det blir laga ei rundkøyring som er minst 40 meter i ytre diameter.

– Me håper det løyser seg, me har iallfall trua. Men om Vegvesenet kjem med nye krav, så blir me nøydde til å forholde oss til dei. Slik me ønsker å løyse prosjektet nå, så er det trekt såpass langt vekk frå fylkesvegen at me håper me kan gjere utbetringstiltaka utan at det følger med krav til utbetring av det som høyrer fylkesvegen til, forklarer Ljung.