I sluttforhandlingar om storkontrakt

Statkraft skal bygga nytt administrasjonsbygg i Eidfjord. Brødrene Selvik as er nær ved å få oppdraget.

Partane er framleis i samtalar om dei siste detaljane i kontrakten. Men det er klart at Statkraft skal føra opp eit nytt administrasjonsbygg i Sima i Eidfjord. Det er óg eit faktum at kraftselskapet og entreprenørbedrifta Brødrene Selvik as nå er inne i sluttfasen i forhandlingane om oppdraget.

Vert avtalen underskriven, vert det den til no største kontrakten den 46 år gamle entreprenørbedrifta har inngått utanfor kommunegrensene.

– Ein kontrakt til totalt 17-18 millionar kroner. Det tilsvarar ein fjerdedel av det me ønsker oss som årsomsetnad, seier dagleg leiar Rune Selvik i Brødrene Selvik as om storleiken på kontrakten.

Rune Selvik har stor tru på at dei siste formalitetane i avtalen vert avklara i denne månaden, og har begynt å planlegga korleis oppdraget i så fall skal løysast. Grunna avstanden til Eidfjord, vil det tyda pendling for dei tilsette.

– Eg reknar med at det vert eit arbeidslag på fem-seks mann, kanskje opp i åtte på det meste, seier Selvik om talet på tilsette frå Sauda som vil pendla til Eidfjord.