Uviss brannårsak på Tråskår

Saka blir truleg henlagt.

Ei oktobernatt i fjor haust brann ei ny hytte på Tråskår i Åbødalen ned til grunnen. Det var hytteeigarane sjølv, eit utanbygds ektepar, som meldte frå om brannen i hytta. Dei hadde, før brannvarslaren skudde seg på, vakna av at det brann i området der pipa går opp i taket. Men elden lot seg ikkje sløkka, og brannvesenet blei tilkalla.

Då brannvesenet kom, brant det godt i hyttetaket. Flammane skal ha fått spesielt godt tak mellom innvendig og utvendig tak, noko som gjorde det vanskeleg for brannmannskapet å komma til med vatn. Politiet er ferdig med etterforskinga.

– Ingen mistanke om eldspåsetting eller noko anna kriminelt. Hytta var så totalskadd at det var uråd å finna brannårsaka. Av og til er brannar eit mysterium, seier lensmann Randi Kalvik.

Saka vil snart bli sendt til jurist for henlegging.

– Men før dette blir gjort ventar me på ein rapport frå ekspertar på eldstader, presiserer Kalvik.