*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

I dag opnar golfbanen

Sjølv om heile banen var snødekt for halvanna veke sidan. Golfklubben, med leiar Erik Husebø i spissen, inviterer til golfkonkurranse alt komande sundag.

– Banen var nesten snøfri då det store snøfallet kom fredag 3. mai. Heldigvis forsvann snøen fort i løpet av eit par dagar, seier Erik Husebø, leiar i Sauda golfklubb.

Måndag denne veka stilte eit tjuetals medlemmer opp på dugnad for ein siste finpuss før baneopninga.

– Me raka, rydda og fyllte på sand i bunkerane, fortel Husebø.

Dressinga av greenane blir utsett til seinare i vår, då graset har vekse seg noko høgare.

Tysdag kom flagga på plass, og i dag, onsdag, er banen open for spel.

Driving rangen ved Rødstjødna er det derimot altfor tidleg å opna. Isen ligg framleis på vatnet.

– Men det har begynt å løsna litt. Me opnar der også, så snart isen er borte, seier golfleiaren.

Alt komande helg er det tid for årets første konkurranse på Grønsdal. Åpningsturneringa er ein såkalla Texas Scramble-turnering og går over 18 hol. Her går deltakarane ut i lag på fire, og alle speler på den best slåtte ballen.

– Ekstra sosialt og veldig kjekt for nybegynnar som kan få spela på slaga til betre spelarar, forklarer Huesbø, som sjølv har eit handikap på 13,2.

Sundag under Saudadagane er det tid for ei ny turnering på banen i Saudasjøen. Då er konkurransen ei Stableford-turnering, der deltakarane tel poeng ut frå sitt handikap.