I fjor kjøpte Kristian Grindheim, Mathias Hølland, Joachim Selland og Sander Sivertsen inn tre kostar for eigne pengar for å halda rullebrettparken ved Musikkhallen rein for søppel. Einkvan har no brekt skafta på desse tre kostane. Gutane bygde ein rampe. I førre veke måtte dei reparera denne etter skadeverk. Eine railen dei sjølv har sett opp er tilgrisa av ein seig masse. Det står eit bord med benker på staden. Treverket i bordet har brennemerke. Glasskår ligg på asfalten, ein asfalt som i tillegg er prega av sand og grus gutane meiner kjem frå folk som spinn med moped på staden.
– Etter at me kostar kjem det nytt søppel. Slik har det vore lenge, konstaterer Kristian Grindheim, oppgitt over tilgrisinga og øydeleggingane.
– Ekkelt å renna på den klissete railen, synest Mathias Hølland.
Gutane har tatt kontakt med ordførar Frode Sulen for å be om hjelp.
– Veldig prisverdig- og modig gjort av gutane å kome på kontoret mitt, seier Sulen.
Les meir i papirutgåva elelr last ned e-avis her.