STOR AKSJON: Eit tosifra tal polititenestemenn har leita etter ranarane i heile ettermiddag. (Foto: Ingvil Bakka)
STOR AKSJON: Eit tosifra tal polititenestemenn har leita etter ranarane i heile ettermiddag. (Foto: Ingvil Bakka)

Leitar framleis

Avhøyr av pågripne avgjer om leitinga må halda fram utover kvelden og natta.

– Det pågår framleis søk, får Ryfylke opplyst frå operasjonssentralen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt nå i kveld klokka 20.40.

– Vil leitinga halda fram utover natta?

– Det er ei operativ vurdering. Det vil bli gjennomført fleire avhøyr utover kvelden. Då vil me forhåpentlegvis få meir klarhet i kva eller kven me eventuelt leitar etter, svarer politiet.

Politiet vil ikkje uttala seg om nasjonaliteten til dei fire pågripne, men det er klart at politiet tidlegare i dag etterlyste ein polskregistrert bil.

Ettersom det framleis er uklart om ein eller fleire ransmenn oppheld seg på frifot i Saudafjella ber politiet folk om å ta visse forhåndsreglar.

– Lås bilane, iallfall. Og så lenge det er sperringar og ein ser aktivt politiarbeid, så ikkje gå tur i dette området, er oppfordringa frå politiet.

Fleire trimmarar og turgåande og -syklande saudabuar har hamna midt oppi politidramaet i området rundt Lona i løpet av ettermiddagen.