VERT REPARERT: Arbeidet med å få sett på nytt vassrøyr i Saudasjøen er forventa ferdig i ettermiddag. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)
VERT REPARERT: Arbeidet med å få sett på nytt vassrøyr i Saudasjøen er forventa ferdig i ettermiddag. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Klart igjen i ettermiddag

Snart i mål, anbefalar utspyling.

Ved sykkelstien overfor krysset frå hovudvegen ned mot Sjøen, mellom Svandalskrysset og vegen opp mot Saua Gard, vert det jobba på spreng med å få sett på nytt røyrstykke.

Alarmen gjekk på vassverket i sju-tida i dag tidleg, og sidan har utsendingar frå brannvesenet, teknisk eining og Aarthun Transport jobba hardt for å rette opp i skaden fortast mogleg.

Kjell Arne Granstad frå Sauda Vannverk opplyser at arbeidet går som det skal.
– No manglar me å skøyte fast det nye røyret og pakke rundt litt singel. Deretter vil me forsiktig prøve å opne hovudventilen litt. Så framt det ikkje er problem andre plassar i vassleidninga, går me ut frå at vatnet er tilbake rundt klokka 16, fortel han, utan å garantere det heilt.

Granstad oppfordrar dei bustadane som er tørrlagte, frå Svandalskrysset og ut til Borvik, i tillegg til delar av Sjøen, om å spyle ut etter at dei har opna for vatnet att.
– Me plar anbefale folk å spyle ut på det lågaste punktet i huset – kjellar for dei som har det. I starten vil vatnet vere litt brunt med luft i, og litt klorlukt, så det er berre å spyle ut til vatnet som kjem ut er heilt klart, opplyser han.