Blant dei 565 elevane på barneskulane og ungdomsskulen i Sauda er ti-tolv land representert. Austarheim skule, for eksempel, har til saman ni elevar frå Tyskland, Nederland, Thailand, Ungarn og Filippinane.
– Det er ei utfordring for oss å gi dei framandspråklege elevane ei god grunnskuleopplæring før dei startar på vidare utdanning. Me veit at det gjerne tar to-fire år å læra seg norsk skikkeleg. Det betyr hardt arbeid, både for elevane og for lærarane. Men framandspråklege elevar er framfor alt ein berikelse for oss då me lærer andre nasjonar å kjenna, seier Jakob Svandal, kommunalsjef skule og oppvekst i Sauda kommune.
Nicole Collantes frå Fillippinene er ei av dei elevane som har gjort seg kjent med Noreg og skulesystemet her. Ho flytta til Sauda i fjor og gjekk då i fjerde klasse på Austarheim skule.
– Det er stor forskjell. På Filippinane må me bruka uniform på skulen. Jentene bruker kjole. Og det var meir lekser der enn her i Sauda, seier ho, som klarer seg fint språkleg.
Nicole Collante ei av dei internasjonale elevane Ryfylke har prata med.
Les meir i papirutgåva eller kjøp e-avisa.