*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KJEMPAR FOR LEGEVAKTA: Nina Sørestad (frå venstre), Tone Fisketjøn og Per Arne Fisketjøn liker ikkje planane om eit legevaktsamarbeid mellom Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord. Dei vil behalda legevakt si på Sand. I Sauda har ingen innbyggarar vist engasjement i saka. (Foto. Marta-Brit Lunde, Suldalsposten)

Legevaktflytting skaper engasjement – i Suldal

Men i Sauda er det tilsynelatande få som bryr seg om legevakta blir flytta ut av bygda.

– Innbyggarane i Sauda har fått erfara ei ustabil fastlegeordning, og har nok truleg meir forståing for at det kan vera nødvendig med nye organiseringstiltak. Kanskje er folk villige til å reisa ut av kommunen for å få legevakttenester dersom dette gir meir tilgang på fastlegar på dagtid, seier Aina Olene Tveit, kommunalsjef helse i Sauda kommune.

Onsdag i sist veke oppretta suldølen Tone Fisketjøn facebooksida ”NEI Til Flytting Av Legevakta I Suldal”. Saman med ektemannen sin, Per Arne Fisketjøn og Nina Sørestad har ho også sett i gang ein underskriftkampanje og lagt ut lister på alle matbutikkane i heile kommunen og på fleire andre butikkar på Sand.

– ”Alle” går rundt og snakkar om denne saka, men det blir bare med snakket. Nå må me engasjera oss, seier Tone Fisketjøn.

Ho er skremt av at kommuneleiingar og politikarar vurderer å etablera ein felles legevaktsentral for kommunane Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord. Mest truleg vil ein slik sentral bli lagt til Ølen, minst ein times kjøring unna for fleire suldøler.

Den interkommunale styringsgruppa som jobbar med legevakt-prosjektet diskuterer nå lokaliseringa av legevaktsentralen. Om få veker vil rapporten deira bli sendt ut på høyring.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.