VANGSNES-PLANAR: Slik presenterte EV-Eiendom i 2013 korleis Vangsnes-området kan bli sjåande ut i framtida. Skissa er eit forslag og ikkje vedtatte utbyggingsplanar. (Skisse: Omega Areal)
VANGSNES-PLANAR: Slik presenterte EV-Eiendom i 2013 korleis Vangsnes-området kan bli sjåande ut i framtida. Skissa er eit forslag og ikkje vedtatte utbyggingsplanar. (Skisse: Omega Areal)

Lanserer planar om næringshage i sjøkanten

Den lokale arbeidsgruppa ser føre seg ei total omvelting av kaiområdet, med eit større kontorbygg, parkeringsplassar, naust og sjøboder, samlokalisering av av buss, båt og drosje – og tur- og grøntområde.

– Me er villige til å bygga stort og legga til rette for næringsutvikling. Men det viktigaste her er innhaldet. Me har fått laga ein moglegheitsstudie og det blir nå jobba med å undersøka behova og om prosjektet kan realiserast, seier Dag Ole Stråbø, styreleiar i eigedomsselskapet Ev Eiendom AS.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Ev Eiendom, Sauda kommune og Sauda Vekst lanserer nå store utviklingsplanar for hamneområdet. Ev Eiendom, som også står bak dei tre leilighetsbygga i same område, eig ei 3,5 mål stor tomt nær sjøkanten på Vangsnes, der det gamle Statnett-bygget i dag står plassert.

– Ei veldig strategisk plassert tomt, vedgår kommunalsjef teknisk i Sauda kommune, Andreas Fløgstad.

I dag er området, som ligg midt i innsiglingssynet på fjordfarande, kun brukt til gjennomgangstrafikk.

Tanken er å reisa eit større bygg, som kan husa både moderne kontorfasilitetar, kantine, fleirbrukshall – og eventuelt leiligheter, om behovet skulle melda seg. Moglegheitsstudien, som framleis bare er på grovskissseplan, kallar konseptet ”Sauda næringshage – næringsdrivhus for Indre Ryfylke”.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.