*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
REPRESENTERER SAUDA: 19. januar går skistafetten i senior-NM. Sondre Handeland (frå venstre), Håkon Thomassen og Amund Thmassen skal forsvara Sauda si ære i konkurranse med over 130 andre lag. (Foto: Cato Søndenå Karbøl)

Stiller med lag i NM

For første gong stiller Sauda med seniorlag på stafetten i Norgesmeisterskapet.

– Me er blitt fortalt at det aldri før har stilt lag frå Sauda. Det gjer det ekstra spesielt, seier Sondre Handeland.

Saman med brørne Håkon og Amund Thomassen skal han representera Sauda i senior-NM-stafetten på ski 19. januar.

Dei tre saudagutane har som målsetting å gjennomføra gode etappar i NM-konkurransen.

– For min del er det spennande å sjå kor langt opp det er til dei raskaste langrennsløparane. Målet mitt er at det er minst muleg, seier Amund Thomassen.

Sondre Handeland har kikka på resultata frå NM-stafetten i fjor og funne ut at det bør vera muleg å slå halvparten av laga som stiller. Likevel, NM-stafett-debuten byr på ekstra utfordringar.

– Ettersom me startar for første gong, er me ikkje seeda og må starta bakerst av omtrent 130 lag. Då må me vera ekstra observante for å unngå fall, stavbrekk og det som verre er, seier 21-åringen, som skal gå førsteetappen i stafetten.

Både første og andre etappe i NM-stafetten er i år klassisk. Medan Handeland føler seg like god i begge stilartane, kunne nok Håkon Thomassen, som skal gå andreetappen, helst ønska seg fristil.

– Eg er skiskyttar og best i fristil, men klassisk går fint det også, forsikrar han.

Broren Amund Thomassen, også han skiskyttar, skal gå sisteetappen og får gå i den stilarten han meiner han er best i, nemleg fristil.

Alle tre etappane er på ti kilometer. Cato Søndenå Karbøl er reserve på Sauda-laget.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her