I desember i fjor sendte Det kriminalitetsforebyggende råd (Kråd) epost til Sauda kommune. Rådet bad då om ein statusrapport for det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak) så langt, og tidspunkt for når Sauda og Suldal kan ha ein ny SLT-koordinator på plass.
Bakgrunnen for spørsmålet er at tidlegare SLT-koordinator Torbjørn Indrebø har gått over i ei anna stilling.
Kråd ønska ei tilbakemelding innan 15. januar, men etterlyste i slutten av januar eit svar.