*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
EKSPANDERER: Då Jan Nordbø starta med hotelldrift i Sauda i 1993 hadde han kun sjølve hotellbygget. I 2007 kjøpte han ”Puben”-bygget vegg-i-vegg, medan eigedommen over gata, Prestegata 2, blei hans i 2012. Nå har han også kjøpt Rådhusgata 15 og 17. (Foto: Ingvil Bakka)

Investerer for rundt ti millionar kroner

Jan Nordbø bygger, bygger om, restaurerer og kjøper sentrumseigedommar.

– Eg trur på Sauda og eit flott sentrum, seier Jan Nordbø, innehavar av Kløver Hotel i Sauda sentrum.

Nordbø, som opphaveleg kjem frå Stavanger, har drive Kløver Hotel sidan 1993. Opp gjennom åra har han investert over tjue millionar kroner i hotelldrifta. Blant anna har han pussa opp alle hotellromma i andre etasje og han har heva hotellet med ein etasje med endå fleire hotellrom for til saman 15 millionar kroner. Våren 2007 kjøpte han naboeigedommen, Rådhusgata 19, for to millionar kroner, og han brukte fleire millionar kroner på oppussing og på å innlemma publokala i hotellbygget.

Nå er han godt i gang med nye prosjekt, som samla utgjer ein investeringskostnad på rundt ti millionar kroner. I 2012 kjøpte han nemleg naboeigedommen Prestegata 2, som etter planen skal bli eit viktig tilskot til hotelldrifta på andre sida av vegen. Etter at nok ein naboeigedom blei lagt ut for sal hausten 2013, valde Nordbø nyleg å slå til igjen. Nå er han, gjennom selskapet Kløver Eiendom as, også eigar av Rådhusgata 15 og 17, som er ei 1,2 mål stor tomt med til saman fire bygg som blant anna husar den lokale frivilligsentralen og har fleire bueiningar.

Og som ikkje det er nok, over påske startar Nordbø ei større ombygging av førsteetasjen i hotellbygget sitt, der resepsjonen, hotellets ”ansikt”, får ei skikkeleg oppgradering.

For Jan Nordbø betyr alle investeringane mykje ekstraarbeid i elles travle kvardagar og helgar.

– Eg jobbar 24 timar i døgeret. Alle prosjekta krev ein stor eigeninnsats. Målet er at alle nyinvesteringane skal bidra til at eg kan trappa litt ned, seier han.

I dag er det åtte tilsette ved Kløver Hotel, inkludert Nordbø. Han ser gjerne føre seg at talet på tilsette blir monaleg auka med tid og stunder.

– Kanskje med fem-seks fleire tilsette. Blant anna hadde det vore fint å hatt ein hotellsjef, seier Jan Nordbø, som i dag er både hotellsjef, dagleg leiar, kokk, resepsjonist, bartendar, dørvakt, ryddehjelp, nattevakt og vaktmeister.

Kløver Hotel blei bygt opp igjen i 1980, etter ein storbrann nyttårsafta 1978.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her