– Saka ser alvorleg ut med svikt på fleire plan. Først og fremst er ansvaret sjøkvsagt hos den sikta legen for å utnytta og voldta vår klient. Men det er også graverende at kommunen verken har undersøkt på forhånd eller å ha gitt vår klient noko støtte i etterkant av ovegrepet, skriv Elden i ein epost til Ryfylke.
Rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul, stadfestar at han er kjent med at advokat John Christian Elden er engasjert i saka og at det er varsla eit søksmål mot kommunen.
– Alt som har skjedd i denne saka er sjølvsagt veldig beklageleg og me tar sjølvkritikk, seier Juul.
Han legg til at kommuneleiinga nå avventar politietterforskinga i saka og at kommunen er i tett kontakt med fylkeslegen, som har varsla tilsyn.
– Me tar saka svært alvorleg og er glade for at det blir eit tilsyn, seier rådmannen.
Ifølge Dagbladet skal Fylkeslegen i Rogaland ha vore informert om at den utanlandske legen jobba utan godkjent autorisasjon i Sauda. Personar hos fylkeslegen skal ha vist om den manglande autorisasjonen heilt sidan slutten av oktober i fjor og skal ha bedt legen om å framstilla ein autorisasjon. Då legen sendte ein kopi av autorisasjonen sin i januar, valde fylkeslegen å henlegga bekymringsmeldinga og tilsynssaka.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her