Ingunn Skare, Kjell Inge Seim, Mette Steen Nordbø og Knut Solheim mot legevaktflytting.JPG
ENGASJERTE: Ingunn Skare (frå venstre), Kjell Inge Seim, Mette Steen Nordbø og Knut Solheim håpar saudabuen stiller mann- og kvinnesterke opp i sentrum tysdag ettermiddag. Dei oppfordrar sambygdingane sine til å aktivt bli med og visa sin motstand mot planane om interkommunalt legevaktsamarbeid. (Foto: Arvid Horpestad)

Demonstrerer for lokal legevakt

Initiativtakarane håpar dei kan påverka politikarane.

– Ei kjempeviktig sak, som gjeld oss alle i Sauda. Nå er det viktig at me viser kva me meiner, seier Mette Steen Nordbø, som har tatt initiativ til ein demonstrasjon i sentrum komande tysdag, dagen før kommunestyret eter planen skal fatta sitt endelege vedtak i legevaktsaka.

Måndag kveld oppretta ho arrangementet ”Fortsatt legevakt i Sauda” på nettsamfunnet Facebook, og tilbakemeldingane har strøyma på. Nordbø er ikkje i tvil om legevaktplasseringa opptar saudabuen.

– Nå håpar eg bare at mange stiller opp på tysdag. Målet er å bli fleire enn kva demonstrasjonen i Suldal klarte å samla, nemleg 6-700 personar. Eg trur me kan klara det, seier ho optimistisk.

Planen er å låna plakatar og banner frå Suldal og bruka faklar, sjølv om det rett nok er godt dagslys såpass tidleg på ettermiddagen som demonstrasjonen skal vera. Nordbø ser føre seg at demonstrasjonen startar på Bankplassen og at ein går i tog opp til Rådhuset, der målet er å få til ein eller fleire appellar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her