Fekk namne-viljen sin

Trebøen har endeleg fått lov til å kalla seg Trebøen.

– No er det opplyst og vedteke, no er alt i orden, konstaterer Oddvar Årthun fornøgd.

Nyleg fekk han eit for han og sonen, Kai Saua Årthun, eit svært så oppløftande brev frå Kartverket. Det statlege organet slår i brevet fast at dei kan bruka adressenamnet Trebøen.

Familien Årthun har i mange år arbeidd for å vinna fram med ønsket om å bruka namneforma Trebøen som adressenamn. Så langt tilbake som i 2003 bestemte Sauda kommune at garden til familien skulle ha adresse Gunnarsrød, noko Oddvar Årthun protesterte på.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her